– Sett på varme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig å sørgje for tilstrekkeleg oppvarming i alle rom, og spesielt i nærleiken av rom der det er vass- og avløpsleidningar, seier Inge Gudmund Aas, skadesenterleiar i If Skadeforsikring. Han fortel om eit aukande tal innmeldte skader etter kuldeperiodane dei siste vintrane.

– Gløymer vinteren
– Det er viktig å huske på at det kjem kuldeperiodar med mange minusgrader nesten kvar vinter. Det er noko folk gløymer frå det eine året til det andre, uansett kor mange førstesideoppslag avisene har om at Sibirkulda er på veg, seier Aas.

Han fortel at hovudårsaka til skadane er at det ikkje er sett på nok varme i rom eller bustader som står tomme. Når kuldeperioden kjem, frys røyra og sprekk. Når dei tiner, oppstår vasslekkasjar som kostar store summar.

Ikkje berre forsikringsselskapa sit igjen med rekninga. Dersom det er vist aktløyse, og det er det ofte, blir det avkorting av erstatninga.

Dyre hytter utsett
Dei siste åra har forsikringsbransjen opplevd ein kraftig auke i frost- og vasskadar på hytter.

– Gjennom dei siste 15 – 20 år er det bygd store flotte fritidsbustader i fjellet. Eg vil kalle dei fritidsbustader, for dei har standardar som er like gode eller betre enn vanlege bustader. Her er det gjerne fleire bade- og toalettrom og mykje bruk av vatn. Vi registrerer eit auke i tal på skader frå fjellområde med mange slike fritidsbustader, seier Aas.

– Altfor mange tenkjer ikkje på at det kan bli kuldeperiodar med ned til 20 – 25 minusgrader.

Bustader som står tomme eller fritidsbustader kan nok takle eit par dagar med slik kulde, men når det varer i lengre tid så går det gjerne gale.

Stenge hovudkran

Aas peiker på at det er viktig at varmen kjem godt inn i alle rom som har innlagt vatn, eller der det er rørgjennomføring.

– Det er spesielt viktig å vere merksam på om ventilar står opne der det går røyr gjennom rommet. Om kuldeperioden varer ei veke, blir det kraftig nedkjøling av rommet. Då kan røra fryse.

– I kjøkken er det viktig å opne kjøkkenskopa slik at varme treng inn i skapa. Frost herjar nemleg lettare når vatnet ikkje blir brukt. Husk også at vask- og baderomma er utsett. Det er viktig å ha varme på der, og la dørene stå opne ut i bustaden eller leilegheita for å sikre luftsirkulasjon.

Aas minner om at bygg som det ikkje bru folk i fast, er spesielt utsett for frostskadar. Han ber også folk huske kravet om å stenge hovudstoppekrana om ein er borte meir enn tre døgn frå fritidsbustaden. (©NPK)