La Jantelova kvila i fred

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten 80 år er gått sidan Sandemose skreiv ned vondskapen i mennesket sine ti bod. Kanskje tida nå er inne for å vera stolte over desse linjene som beskriv nordmannens mentalitet?

Kven blir glad over nye statusoppdateringar frå vener om kor mange gonger dei har trena den veka? Kven sit heile kvelden og lyttar interessert til den personen som alltid skal prate om eigne eventyr og oppfylte draumar? Kven kan seie med handa på hjartet at ein ikkje kan føle det litle stikket av sjalusi i hjarta når nokon fortel at dei nettopp har kjøpt seg ein ny BMW, luksusvilla og ein liten svipptur til Dubai? Ingen vil at andre skal tru at dei er noko eller at dei skal innbilla seg at dei er betre enn deg, likevel elskar nordmenn på veg opp og fram i livet å dra sutrete kommentarar i retning Jantelova. Kvifor? Fordi det er lett å skylde på andre i tider der ting går trått.

Så kanskje det er slik. Kanskje det er slik at nordmenn ikkje er flinke til å støtte opp om andre sin suksess, men er denne støtta så viktig når alt kjem til alt? Den med nok pågangsmot og ressursar til å strekke seg etter måla og draumane sine bør også klare å stå i mot ein gammal nabo som kjem småfurtent og seier at ”du ikkje skal tru du kan læra oss noko”. Sjølv om Sandemose refererte til mennesket si evne til å trykke kvarandre ned i romanen En flyktning krysser sine spor meiner eg at Jantelova står for noko mykje større nå som ho 79 år etterpå framleis blir brukt i vår daglegtale.

Me er etterkommarar av nordmenn som har fengje sin heim mellom bakkar og berg utmed havet og me er landet i trefarga drakt. Me er Ola som buset seg der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og me er Kari som framleis set pris på kjøtkakegryta som står over komfyren. Det er norsk å ha beina godt planta på jorda. Det er norsk å vera reservert. Det at Ola og Kari Nordmann skil seg i så sterk grad frå Justin Bieber og Paris Hilton trur eg me kan takke Jantelova for. Det er ikkje forventa at du skal leie ein Chihuahua der du spaserer gatelangs i Beverly Hills. Du treng ikkje vera DJ på dei hotaste klubbane for å føle deg suksessfull. Så får me heller setje oss ned i godstolen framføre fjernsynet for å få vår daglege dose med kvardagsdrama medan me klagar vår naud over at ”det heile er jo så amerikansk!”.

Sandemose gjorde sitt til at Jantelova skal bli referert til med ein negativ undertone, men eg meiner at desse boda like lett kunne blitt gjort om til noko det norske folk kan snakke om med stoltheit. Jantelova viser at me er etterkommarar av eit arbeidsamt folk, som tok seg til takke med det gode, stille liv på bygda. Eit folk som ikkje trampa over andre for å komme lengst mogleg sjølve. Eit folk som ikkje sit å pratar om seg sjølv med store bokstavar. I eit samfunn der alle strevar etter å ”bli noko” og å ”skapa seg sjølve” kan det vera fint å ha ein motpol. Det kan vera fint å ha moglegheita til å søkje tilflukt bak desse ti boda. For spør du meg, så høyrest ein kvardag der ein ikkje må prøve å motbevise Jantelova heile tida ut som eit fint liv.

Det å bli fortalt at du ikkje skal tru at nokon bryr seg om deg eller at du ikkje skal tru at du kan læra oss noko kan umogleg opplevast som noko positivt, men eg har tru på at dei personane som ynskjer noko sterkt nok vil klare det uansett. Dersom du ikkje taklar at nokon snakkar stygt om deg så er du mest sannsynleg ikkje rett person til å eige eit millionselskap eller til å gå på den raude løparen kvar fredag. Eg er sikker på at Jantelova har lært oss å vera eit folk til og med den mest suksessretta personen vil vera stolt av. Den har lært nordmennene å vise ein type audmjukskap ein sjeldan finn hjå andre folkeslag.

Først publisert på Magasinett.