Vi ønskjer å få barn av same kjønn som oss sjølve.

mm

Ein ny rapport frå Canada antyder at vi ubevisst prøver å skape ein versjon av oss sjølve som kan leve vidare etter at vi døyr. 2387 spurde, stort sett studentar og fleire kvinner enn menn, gav eit relativt eintydig svar, om lag 7 av 10 ønskjer seg barn av same kjønn.

– For så lite som 20 år sidan ville ein slik rapport ha hella kraftig mot at gutar var oppfatta som det beste, og i mange land i verda er det stadig slik… men i dei siste tiåara i det moderne vestlege samfunnet har det vore endringar som har gjort at det aldri tidlegare i historia har vore betre å bli fødd som jente – og kvinner kjenner godt til dette, seier Lonnie Aarssen, biologiprofessor på Queen`s University i Canada, som står bak rapporten, til avisa National Post.

– Det er interessant å sjå at dette kjem til til uttrykk no som kvinner endeleg har sjansen til å bryte seg laus frå «undertrykkinga til patriarkatet», held Aarsen fram.

–  Vi antok opprinneleg at vi ville finne ein sterk preferanse for gutar av både mødre og fedre, sidan det har vore det tradisjonelle svaret i slike undersøkingar før. Frå eit utviklingssynspunkt føler eg at dette nye svaret er knytt til at vi ikkje er udødelege, at vi er den einaste rasen som er «terrorisert» av det faktum at vi vil døy. Vi er sett saman slik at vi ønskjer å etterlate ting etter oss.

Rapporten kan du lese her.

Rett retning
Byron Hurt, ein kjend mannleg feminist frå USA, meiner at feminisme ikkje berre gjev kvinner ei røyst og ein eigen identitet, men òg klargjer vegen for menn til å frigjere seg sjølv frå kvelartaket til den tradisjonelle maskuliniteten.

–  Eg lærte at feministar tilbaud oss ein viktig kritikk mot eit mannleg dominert samfunn som rutinert, og verda over, handsama kvinner som borgarar av ein lågare klasse enn menn. Dei hadde rett, og sjølv om eg var mann, var sanninga deira viktig for meg. Gjennom feminisme fann eg eit språk som hjalp meg å sette ord på ting som eg hadde erfara gjennom å vakse opp som mann.

Han meiner det meir positive synet på å få jentebarn er eit steg i rett retning.

Les meir av Byron Hurt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE