Bondelaget er uroa over at naturbruksskulane ikkje brukar ordet landbruk.

NPK-NTB
NPK-NTB

Leiar Nils T. Bjørke skriv i eit brev til skulane at ungdomsskoleelevar i dag ikkje er klar over at landbruk inngår i naturbruk, og landbruksforeldre som ikkje ser ordet landbruk i marknadsføringa kan lett tru at skulen ikkje lenger tilbyr landbruksutdanning.

Bondelaget inviterer i brevet til samarbeid om å auke rekrutteringa til landbruksretta utdanning og til naturbruksutdanninga samla.

I brevet spør Brekk om skulane ønskjer å tilby yrkesutdanning for framtidige yrkesutøvarar i landbruket, og om dei ønskjer at studieførebuande naturbruk skal vere grunnutdanning for ungdom skal bli forskarar, rådgjevarar og lærarar innan landbruk i framtida. I så fall meiner Bondelaget det er nødvendig å bruke ordet landbruk i marknadsføringa av utdanningstilbodet. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE