Søkjer seg frå bygd til by

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergen by rommar heile 263 218 innbyggjarar, og av desse er godt over 30 000 studentar. Med både Universitetet og dele av Høgskulen sentralt, er det ikkje rart Bergen ofte blir omtala som nettopp ein studentby. Til samanlikning er det 2000 studentar på høgskulen i Sogndal, i ein kommune med 7 302 innbyggjarar.

– Som teatervitar er det mykje betre å bu i ein by, seier Ragnhild Gjefsen, masterstudent ved Universitetet i Bergen.

For fem år sidan studerte Gjefsen radiojournalistikk i Volda. Som ny student engasjerte Gjefsen seg i både studentradioen og som frivillig medarbeidar på studenthuset i Volda.

– Det eg deltok i var veldig bra, men eg sakna valmoglegheiter og eit breiare kulturliv, seier ho.

Gjefsen fortsette arbeidet med studentradio òg då ho byrja på universitetet, men byrja etter kvart i studentteateret. Ho påpeikar at dette ikkje ville vore mogleg i Volda.

– Det positive med Bergen er det kulturelle utvalet og høva til å velja. Eg kan velja dei organisasjonane som passar meg best og fremjar det eg er interessert i.

Tendenserer mot byen
Kåre Heggen, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda og Høgskulen i Oslo, har forska på ungdom og utdanningsval.

– Vi ser at det er ein tendens at ungdom frå bygda ofte vel dei nærast tilgjengelege høgskulane. Men hovudtendensen det siste tiåret er at ein vel byar som Oslo, Bergen og Trondheim, seier Heggen.

Det er vanskeleg å forklare bytendensen, men Heggen har inntrykk av at store ungdomsmiljø og større kulturtilbod trekkjer studentar mot byane.

– Samstundes ser vi at ein god del vel små stader på grunn av friluftstilbodet. Nokre mindre høgskular har rykte om gode studentmiljø som lokkar, seier forskaren.

Tett kontakt

I Sogndal trivst Daniel Bygdal Ness på førskulelærarstudiet ved Høgskulen i Sokn og Fjordane (HiSF). Han skildrar studiestaden som eit inkluderande miljø med gode fasilitetar.

Som tidlegare student i hovudstaden meiner Ness at det er stor skilnad på miljøet mellom store og små studiestader.

– Er ein ikkje med på fadderveka, fell ein fort utanfor. Det er heller ikkje lett å prate med folk rundt seg i ein førelesingssal med firehundre andre studentar. Dette er ikkje like vanskeleg i Sogndal, seier han.

Både Ness og Gjefsen fortel at dei føler seg godt tatt vare på som student ved dei små lærestadene.

– Det er mykje tettare kontakt med lærarane. Ein kan lett gå opp til dei for å prate. I Oslo er dette vanskelegare, der var tilhøvet meir distansert, forklarer Ness.

Billeg på bygda

Skilnadene har òg eit økonomisk aspekt.

– Eg trur fleire vil ha behov for deltidsjobb i ein stor by. Det kostar meir å bu, og det er fleire som skiftar frå eit studium til eit anna. Det blir meir kostbart og må difor finansierast av ein deltidsjobb, seier administrerande direktør i Huseiernes landsforbund Peter Batta.

Ness fortel at han har arbeidd ved sida av studia i både Oslo og Sogndal, men at årsaka er blitt ein annan.

– I Sogndal har eg ikkje jobben fordi eg treng han, men fordi det er greitt med litt ekstra pengar.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

TALET PÅ SØKJARAR FORDELT PÅ LÆRESTAD, HOVUDOPPTAK 2011

Læringsintitusjonar i byar:

Universitetet i Oslo: 35 614 søkjarar, 9 218 tilbode plass.
Høgskolen i Oslo: 29 664 søkjarar, 6 031 tilbode plass.
Universitetet i Bergen: 24 742 søkjarar, 6 504 tilbode plass.
Høgskolen i Bergen: 14 791 søkjarar, 2 790 tilbode plass.
Universitetet i Stavanger: 13 577 søkjarar, 3 542 tilbode plass.
NTNU: 26 512 søkjarar, 7 404 tilbode plass.

Læringsintitusjonar på mindre stader:

Høgskolen i Sogn og Fjordane: 5 066 søkjarar, 1 355 tilbode plass.
Høgskolen i Volda: 4 521 søkjarar, 1 201 tilbode plass.
Høgskolen i Finnmark: 1 679 søkjarar, 470 tilbode plass.
Høgskolen i Lillehammer: 8 381 søkjarar, 2 437 tilbode plass.
Høgskolen i Ålesund: 3 145 søkjarar, 567 tilbode plass.

Kjelde: Samordna opptak.