Kommunen sparer, staten betaler

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg har vi tre forvaltingsnivå: kommunen, fylket og staten. Dette systemet gjev av og til underlege utslag, særleg når dei ulike nivåa held på innanfor same sektor. Svarteperspelet handlar om kven som skal betala, og kven som skal få inntektene. Det klassiske dømet er nedleggjinga av grendeskular. Når ein kommune legg ned ein grendeskule, må fylkeskommunen taka det meste av dei auka reisekostnadene sidan det er fylket som har ansvaret for skuletransport og annan offentleg transport.

Men det same fenomenet finn vi i helsesektoren. Staten ved organisasjonen Helsetransport tek rekninga for all transport til medisinsk hjelp. Dimed kan norske kommunar leggja ned lækjarkontor i distrikta for slik å redusera kostnader for kommunekassa.

Ørsta legg ned
Vartdal og Hjørundfjorden var fram til midten av 1960-åra eigne kommunar. For båe kommunane var det i si tid eit stort lyft å få distriktslækjar, men dei makta det. I dag er både Vartdal og særleg Hjørundfjorden, heimstaden til underskrivne, fråflyttingsområde. Folkesetnaden vert stadig eldre og treng stadig meir pleie. Denne pleia får dei mellom anna på to relativt store sjukeheimar, og fram til i år, frå distriktslækjarane, som på deltid frå kontora på Vartdal og i Hjørundfjorden tek seg av 1550 innbyggjarar.

Vartdal og Hjørundfjorden er no ein del av Ørsta kommune, ein relativt stor landkommune i Sør-Noreg. Ørsta har om lag 10.000 innbyggjarar. I Ørsta sentrum ligg den private helsestasjonen som leiger lokale av Ørsta kommune. Han har i dag ni lækjarar som tek seg av 8500 innbyggjarar, innbyggjarar som har ein lægre gjennomsnitts¬alder enn folkesetnaden i Hjørundfjorden og på Vartdal. Helsestasjonen er trongbudd og har lang ventetid. Lækjarane der treng meir plass.

I haust vedtok ein borgarleg storkoalisjon som ikkje vil innføra eigedomsskatt, at dei skulle leggja ned lækjarkontora i Hjørundfjorden og på Vartdal og flytta stillingane til Ørsta sentrum. Ørsta kommune er under statleg administrasjon grunna høg gjeldsgrad og dårleg økonomi¬styring dei siste åra. Ingen veit per i dag heilt sikkert om det vil løna seg for kommunen å leggja ned distriktskontora i Hjørundfjorden og på Vartdal. Men når eit nytt planlagt helsesenter står klart i Ørsta, vil det verta fleire å dela leiga og kostnadene på når lækjarane frå Vartdal og Hjørundfjorden kjem dit.

Rådmannen hentar i desse dagar inn eksterne konsulentar for å sjå på lønsemda ved å leggja ned distriktskontora. Mellom anna må til dømes sjukeheimane på Vartdal og i Hjørundfjorden framleis ha lækjartilsyn, noko som gjer at lækjarane frå Ørsta må reisa dit. Storkoalisjonen seier likevel at dei kjenner seg trygge på at dei vil spara utgifter på å leggja ned kontora.

Dramatisk auka kostnader for staten
Det som derimot ser ut til å vera sikkert, er at reisekostnadene for det offentlege vil gå dramatisk opp grunna nedleggjinga av distriktskontora. I dag er det for dei som ikkje har frikort, noko dei aller fleste eldre har, ein eigendel på 120 kroner for å reisa til fast- og primærlækjar. Resten av rekninga tek det offentlege. Er du frå Hjørundfjorden og skal til Ørsta, varer 120 kroner ikkje langt.

Om du til dømes bur på tettstaden Øye i Hjørundfjorden, der det knapt går buss frå, må du fyrst køyra bil fem kilometer, så må du taka ferje, så må du køyra i 25 kilometer, og så er du framme ved lækjarkontoret i Ørsta. Har du ikkje bil, må du som regel taka drosja. Det vil minst kosta 3000 kroner tur–retur med dei kontraktane som det offentlege har med drosje-næringa i Ørsta kommune. Hjørundfjorden er full av grender som anten har svært langt vegavstand til Ørsta eller som ikkje har vegsamband i det heile. Vartdal har òg mange grender, reiseavstanden tur–retur vert lett over 50 kilometer for mange pasientar frå Vartdal.

Når 1550 personar skal få lækjartenesta gjennom å reisa langt, både med ferje, skyssbåt, drosje og anna, seier det seg sjølv at vi talar om millionkostnader. Éi rørslehemma kvinne på nitti år som må reisa tolv gonger i året til lækjaren frå Øye til Ørsta, vil åleine kosta det offentlege rundt 40.000 kroner om ho reiser med drosje på dagtid. Om ho må reisa på tider der det ikkje går ferje, vert kostnaden endå høgre. I dag har både Hjørundfjorden og Vartdal langt fleire pensjonistar enn skuleelevar.

Om vi seier at to hundre av dei eldste åleine kjem til å nytta drosje for 10.000 kvar i året, svarar det til to millionar. Ørsta kommune har per i dag ikkje oversikt over kva 60-prosentsstillinga til lækjaren i Hjørundfjorden kosta kommunane i fjor, men med statlege tilskot og inntekter er det neppe snakk om meir enn nokre hundre tusen. Og jamvel om det frå før har vore reisetid for ein del av pasientane, veit vi at reiseavstanden tur–retur i gjennomsnitt vil gå opp med rundt 50 til 60 km per pasient frå Hjørundfjorden og Vartdal.

Elleve gonger til lækjar
Eldre har langt hyppigare kontakt med fastlækjar enn gjennomsnittsfolkesetnaden. Statistisk sentralbyrå seier at gjennomsnittsnordmannen har kontakt med fastlækjaren 4,6 gonger i året, eldre over 85 år har kontakt elleve gonger i året. Og kvinner står for flest kontaktar med lækjarane. Hjørundfjorden og Vartdal har relativt sett ei klar overvekt av eldre kvinner over 85 år samanlikna med Ørsta elles.

Finst det i dag ein mekanisme som gjer at staten kan nekta å taka rekninga for nedleggjinga av lækjarkontor i distrikta? Nei. Som ein anonym byråkrat med ansvar for reisekostnader seier det til Dag og Tid:

– Her talar vi om milliardkostnader, så nokre millionar frå eller til er det ingen som bryr seg om.

Den endelege kostnaden for staten av nedleggjinga av distriktskontora i Ørsta vert fyrst klårt etter eit rekneskapsår. Pasientreiser opplyser at dei ikkje kjem til å rekna på kostnadene på førehand, dei er i alle høve forplikta til å plukka opp rekninga.
I 2011 nytta staten 1,8 milliardar på pasientreiser.

– Vi må spara pengar
Sven Castberg frå Høgre i Ørsta seier at han er klar over at ei nedleggjing påfører staten ekstrakostnader, men at kommunen må spara pengar.

Castberg leier helse- og sosialutvalet i Ørsta og går inn for å leggja ned distriktskontora. Han fortel at politikarane i Ørsta ikkje veit kva ekstrakostnader staten får.

– Staten må taka desse kostnadene, det er så store skilnader kommunane mellom når det gjeld reiseavstand at dette systemet er best. Dette er ei god og ubyråkratisk ordning.

– Tykkjer du at det er problematisk med eit system som gjer at de kan påføra andre nivå ekstrakostnader?                                                                                                                                                                                                                                                                                                                          – Det gjeld på så mange ulike felt i Noreg at det må vi berre leva med. Staten har i fleire år gjeve tilskot til utbyggjing av sjukeheimsplassar, men det har ikkje fylgt særleg driftsmidlar med desse plassane. Ørsta kommune må no spara inn på drifta, og nedleggjing av lækjarkontora er berre ein av mange ting vi gjer.

– Men de må ha eit større lækjarsenter no når det vert fleire i sentrum?
– Vi må ha eit større senter i alle høve. Vi legg planar for det no, anten vert det bygt privat og vi leiger, eller så byggjer vi og lækjarane leiger. Det er ei enorm utfordring å driva ein kommune med stadig fleire eldre. Vi treng fleire sjukeheimsplassar, og vi treng fleire lækjarar. Vi må berre driva så effektivt som råd er.

LES SAKA I DAG OG TID!