Forskar vil droppe lyntog

Forskar Knut Alfsen vil heller få folk til å flytte til sentrale strok enn vidare satsing på lyntog.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alfsen, som er forskingsdirektør ved CICERO Senter for klimaforskning, meiner lyntog er ein dyr og dårleg idé i eit langstrakt land som Noreg, skriv Vårt Land.

– For det første er det ikkje samfunnsøkonomisk lønnsamt. For det andre blir miljøgevinsten ved å byggje lyntog, samanlikna med å betre det ordinære jernbanenettet, minimal. Det vil neppe kunne forsvare dei store investeringane som trengst, seier Alfsen.

Forskaren meiner at regjeringa heller bør satse på ei rekke andre tiltak for å få ned klimautsleppa, og at auka flytting til sentrale strok kan vere eitt av tiltaka.

– Alle treng ikkje å bu i same by, men det har ein stor miljømessig kostnad å bu spreitt, seier han,

Alfsen meiner at lyntog treng mykje meir energi enn farten rettferdiggjer, og derfor er lite energieffektive. Han meiner også at andre transportmiddel etter kvart vil forureine mindre enn no.

– Ein jobbar for å få fly over på biodrivstoff, og bilparken skal elektrifiserast, seier Alfsen, som meiner miljørørsla byrjar å bli desperate i iveren sin etter å få gjort noko med klimautsleppa. (©NPK)