Unge bønder satsar friskt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det er tidleg om morgonen, men på Uppigard Natadal er rundt førti unge bønder, eller framtidige bønder, vakne og morgonfriske. Å vera morgonfrisk er ei stor føremon for ein som skal bli bonde. Dei unge kjem frå alle delar av Telemark, men har til felles at dei driv gard, har lyst til å drive gard eller lurar på om dei skal drive gard i framtida. 

Bondelaget arrangerer denne samlinga kvart år for å la dei unge telemarksbøndene samlast i trivelege omgjevnader, men samlinga er også ei viktig kjelde til informasjon og inspirasjon. Føredragshaldarar i år var mellom anna direktøren i Innovasjon Noreg Telemark, administrerande direktør i AT Skog og rådgjevarar frå Norsk landbruksrådgjeving Østafjells og Midt-Telemark landbruksrådgjeving. Dei snakka om viktige tema for dei unge bøndene: Garden som bedrift og bonden som bedriftsleiar, visjonar og utviklingsmoglegheiter, finansiering og samvirkedrift. 

Snart fulltidsbønder 
– Ein får vite mykje nyttig og viktig på ei slik samling, meiner Jørund Heggtveit (22) frå Åsgrend i Kviteseid, som berre er månader unna å bli både bonde og tobarnsfar. 

Saman med kona Ida Marie (22), som er høggravid med parets andre barn, overtek han familiegarden til sommaren. Ho kjem frå Haugesund, men er også oppvaksen på gard. Det har gjeve henne mykje, meiner ho. 

– Eg har alltid tenkt at eg skal busetje meg på ein gard. Men eg tenkte ikkje at det var akkurat her eg skulle gjera det, smiler Ida Marie, som møtte Jørund då dei båe gjekk på skule i Setesdal. 

FØLG SISTE LANDBRUKSNYTT HER!

Dei gler seg over at ungane deira får vakse opp på ein gard og får dei same gode oppvekstvilkåra som dei sjølve hadde. 

– Det som har vore mest inspirerande så langt, er å høyre om erfaringane til andre bønder. Ragnhild Bjåen, som hadde føredrag i går, og Nils Ole Lien i dag gjev meg mykje inspirasjon og har gode tankar om kva det har å seie for born å vekse opp på ein gard. Det er noko eg er oppteken av, seier Ida Marie. 

Eit fullt årsverk 
Paret gler seg til å ta over garden heime, og har planar om å starte eggproduksjon i tillegg til ammekyrdrifta. 

LES OGSÅ: Nesten 800.000 drøymer om småbruk

– Me ynskjer at ein av oss kan ha eit fullt årsverk på garden. Eg gler meg til å vera min eigen sjef og drive garden slik me ynskjer. Eg føler ikkje eg gjev opp noko når me no skal ta over. Det er kanskje litt annleis for deg, seier Jørund og kikkar bort på kona. 

– Sjølvsagt saknar eg å vera i nærleiken av familie og vener heime, men eg trivst kjempegodt i Åsgrend. Eg har blitt veldig glad i Telemark, slår Ida Marie fast.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!