Nynorskungar – ikkje norske ungar?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskungar – ikkje norske?

– NRK skapar eit inntrykk av at ungar som skriv nynorsk ikkje skriv norsk, seier Kristian Fjellanger i Noregs Ungdomslag.

I spørjeprogrammet Superkviss på NRK, måndag 23. januar, var det fleire oppgåver der deltakarane skulle gjette på om eit ord var nynorsk eller svensk. Superkviss er eit program retta mot born.

– Det er umogleg å tenkje seg at programleiarane ville ha gjort det same med bokmålsord, seier styreleiar i Noregs Ungdomslag, Kristian Fjellanger.

Han fortel at programleiarane nytta svært gamaldagse nynorsk ord, og at det er eit brot med NRK si oppgåve som allmennkringkaster. Dette skjer samstundes med at nynorskandelen på NRK Super var på berre 9,2 prosent i 2010, i følgje tal frå Kringkastingsringen.

Noregs Ungdomslag sender no eit brev til kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas.

– Vi stiller spørsmål ved kva slike utspel gjer med sjølvbildet til nynorskbrukarar over tid. NRK har eit ansvar for å bidra til å styrkje og utvikle både norsk og samisk, avsluttar han.

I følgje Noregs Ungdomslag, som vart stifta I 1896 for å kjempe for mellom anna nynorsk og mangfald i det norske samfunnet, er dette eit døme på latterleggjering og framandgjering av nynorskbrukarar generelt og nynorskungar spesielt.
 

Faktaboks

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 16 000 medlemmer i 450 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar.