Ten pengar i sofaen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein mikrojobb er kort fortalt ei mindre arbeidsoppgåve som anten kan seljast eller kjøpast for ein bestemd sum, avhengig av kva teneste og nettstad du nyttar. Mikrojobb.no er det norske svaret på denne typen nettstader, og den gjer det mogleg for kven som helst å selje og kjøpe småtenester over nett. På nettstaden tilbyr folk alt frå å slå opp med kjærasten din for deg, til å kommentere bloggen din for ein førehandssatt sum.

Norsk versjon
Den amerikanske nettstaden fiverr.com er den største og mest kjende sida med dette konseptet, og det er også herifrå ideen til den norske versjonen kom i frå. Mikrojobb.no vart grunnlagd av fleire studentar og er framleis i startfasen, men det ligg allereie mange studentrelaterte jobbar på sida.

– Det for det meste folk mellom 18 og 30 år som brukar sida vår aktivt. Dei mest populære jobbane ligg under markedsføring og design-kategoriane, og det er akkuratt den typen arbeid studentar har moglegheit til å utføre, seier Per Harald Borgen som er student sjølv, og ein av gründerane bak mikrojobb.no.

Tener pengar frå sofaen
Student Alexander Svenning oppdaga ved rein tilfeldigheit nettstaden Elance.com, ei side som nyttar same konseptet. Han fortel at det ikkje er så enkelt som det høyres ut som, ein kan ikkje rekne med å få jobb med ein gong ein oppretter profil.

– Det er viktig å byggje seg opp ein god og truverdig profil, det handlar om å selje seg sjølv på best mogleg måte, seier Svenning.

Han tener pengar på sida ved å omsette tekstar frå tysk og engelsk til norsk, og får i gjennomsnitt 2500 kroner i månaden for jobben, noko som ikkje er å forakte når ein er student.

– Betalinga er varierande, men det har hendt at eg har fått opp til 500 dollar for å oversetje 300 ord, seier Svenning.

Les saka i Under Dusken her!