Fleire lyttar til strøyma musikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg auka prosentdelen som svarte at dei hadde lytta til strøyma musikk den siste veka, frå 20 prosent i juni i fjor til 29 prosent i januar i år, og 30 prosent seier dei har kvitta seg med cd-samlinga si, viser ei undersøking som Norstat har gjort for musikktenesta Wimp.

Dermed har vi tatt igjen svenskane, som låg godt framfor oss i løypa i fjor sommar. I Danmark auka strøyminglyttinga frå 14 til 20 prosent i same perioden.

Undersøkinga viser også at om lag halvparten av nordmenn under tretti år er villige til å betale for musikk dei lyttar til over nettet. Men ein femdel i denne gruppa er stadig vekk ikkje interessert i betale for slike musikktenester. (©NPK)