Er internett “verkeleg”?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ReadWriteWeb skriv om ein rapport frå Universitetet i Texas som hevdar Facebook-identiteten vår er ganske lik vår vanlege ekte identitet.

Forskarane fann at dei det var stor likskap mellom korleis ein er på Facebook og korleis ein er ute i den verkelege verda.

Ekstroverte personar i Facebook hadde fleire Facebookvener enn introverte, nett som i den fysiske verda utanfor nettet, dei som var opne for å møte nye menneske og ha nye erfaringar i den fysiske verda søkte det same på nett.

– Sosiale nettverk på nett er ikkje ei flukt frå det verkelege, men heller eit mikrokosmos av dei større sosiale verdene folk har, melder RWW.

Nett er "ekte"
Den kanadiske sosiale-media teoretikaren Alexandra Samuel meiner vi må gje opp idèen om at det som hender på nett ikkje er “ekte”

– Når du er på nett er du ofte meir ekte enn du ville ha vore utanfor nettet, hevdar ho.

– Om vi tek våre liv på nett meir seriøst, og ser på andre vi møter på nett som ekte òg, kan vi bygge eit meir empatisk, tankefullt og interessant internett.

Sårbar for regulering og sensur
Skiljet er ikkje berre mentalt, Samuel hevdar at å kollektivt avvise dei erfaringane vi får på nettet gjer at dei blir sårbare ovanfor regulering og sensur. 

– Om vi ikkje er klare for å sjå på samtalane vi har på nett som ekte samtalar, kan dei bli slått av.