Arbeidarpartiet får 38,3 prosent

Senterpartiet under sperregrensa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap fram, Sp under sperregrensa

Arbeidarpartiet får ein oppslutnad på heile 38,3 prosent på ei ny meiningsmåling. Partiet går fram 4,7 prosentpoeng samanlikna med desember. Framgangen går ut over nesten alle dei andre partia.

Høgre går tilbake 2,2 prosentpoeng til 27,8 prosent. Frp går svakt fram til 14,3 prosents oppslutnad. Mellompartia og Sosialistisk Venstreparti slit nært sperregrensa og Senterpartiet hamnar under på målinga Opinion Perducos har gjort for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) i januar.

Senterpartiet får 3,9 prosent og Sosialistisk Venstreparti får 4,5 prosent, ein tilbakegang på høvesvis 0,2 og tilbake 0,1 prosentpoeng.

Venstre nær sperregrensa
Kristeleg Folkeparti får 5,1 prosent på målinga, ein tilbakegang på 0,3 prosentpoeng. Venstre nærmar seg også faretrugande sperregrensa med ein oppslutnad på 4,2 prosent, tilbake 0,7.

Aps partisekretær Raymond Johansen minner om at Noreg no har den høgste sysselsetjinga nokon gong.

– Dette er svært hyggjelege og motiverande tal. Eg trur dette handlar om at veljarane ser at vi sikrar arbeidsplassane når arbeidsløyse og økonomisk krise trugar, seier Johansen til ANB.

Mistar fleirtalet
Dersom denne målinga var resultatet av eit stortingsval ville dei raudgrøne regjeringspartia fått 80 plassar på Stortinget, seks færre enn i dag og dei ville dermed mist fleirtalet. Årsaka til dette er at Senterpartiet hamnar under sperregrensa.

Valforskar Frank Aarebrot trur den sterke framgangen for Ap har fleire årsaker. Først og fremst meiner han at 22. juli-effekten byrjar å ta seg opp igjen no som rettssaka nærmar seg. I tillegg ser han ein konsentrasjon rundt dei tradisjonelt trygge og ansvarlege partia Ap og Høgre på grunn av krisa i Europa. (©NPK)