Microsoft overvaker og sensurerer innhald som nettbrukarar lagrar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Microsoft følgjer med på innhald som folk lagrar på nettlagringstenesta Skydrive. Det som folk oppfattar som sine personlege lagringsområde på tenesta, er underlagt strenge retningslinjer som er styrte av Microsoft. Nyleg fekk ein danske erfare dette, skriv digi.no.

Han lagra eit bilete av to halvnakne julefigurar. Deretter trua Microsoft med å stenge kontoen til mannen dersom han ikkje sletta biletet. Microsoft tillèt ikkje bilete som viser nakne folk, inkludert teikningar. Det danske forbrukarrådet er kritisk til praksisen.

Eksempel på bilete Microsoft ikkje godtek her.

– Fundamentet for skya forsvinn dersom ein ikkje kan rekne med at eigne ting er sikre, når dei blir lagra på serveren til eit stort velrenommert firma. At det er amerikansk moral som er avgjerande for kva som er passande innhald, gjer ikkje saka betre, seier jurist i det danske Forbrugerrådet Martin Salomon til ComON.

Microsoft Norge seier at folk bør ha eit medvite forhold til kva dei legg ut.

– Det gjeld å ha ein balanse mellom å verne privatlivet til kundane, halde oppe integriteten i tenesteytingane og verne kundane våre, heiter det i utsegna.

Dropbox, Facebook og Google er andre selskap som har nedfelt tilsvarande retningslinjer. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE