Hest på høgskule

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hesteinteresserte ungdommar må ikkje lenger velje bort høgare utdanning om dei ønskjer å leve av hobbyen sin. No får dei nye høve til å kombinere ei akademisk utdanning og arbeid med hest, seier rektor Arne Amlien ved Norsk Hestesenter, NHS, til Newswire.

Det nasjonale hestesenteret på Starum ved Gjøvik er det einaste i Noreg som tilbyr fagutdanning av ridelærarar, travtrenarar og gallopptrenarar. No har NHS fått godkjend ridelærarutdanninga i ei bachelorgrad ved Høgskolen i Hedmark.

– Studentar som har fullført alle tre trinn av ridelærarutdanninga, kan bruke dette som ein del av ei lærarutdanning på Hamar. Ridelærarutdanninga gjev halvparten av poenga som krevst, resten tek ein på høgskulen.

Hestekarriere
Det er stort behov for hestekyndige med høgare utdanning, meiner Amlien.

– Interessa for hest har nærmast eksplodert dei siste åra.

Karrierehøva er mange, for dette er ein sektor i sterk vekst. Om det blir lettare å utdanne seg til dette vil fleire unge satse på å kombinere hesteinteresse og høgare utdanning, trur han.

Nær 30 vidaregåande skular i Noreg har no hest på timeplanen.

– Tilbakemeldingar vi har fått fra rektorane tyder på at det er trong for mange fleire faglærarar med hestekompetanse.

Dei mange ridesentra rundt om i landet vil òg ha nytte av ridelærarar med høgare utdanning.

– Dette vil auke prestisjen kring hestehald og bidra til kvalitetssikring av dei tilsette ved rideskulane, meiner rektor Arne Amlien.

Master i hest
Hest i akademia er ikkje heilt nytt i Noreg.

I 2010 starta Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) eit bachelorstudium i hestefag. Dei viktigaste faga er ernæring, avl og genetikk og adferd hjå hest.

– Det er behov for å styrke det faglege grunnlaget i hestehaldet. Før vart kunnskap sendt vidare munnleg i hestemiljøet. No blir det utdanna folk med fagleg tyngde som kan arbeide innanfor sportsmiljøet, offentleg forvalting eller starte eiga verksemd, seier førsteamanuensis Dag Austbø ved Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap.

17 studentar fullfører neste år bachelorstudiumet sitt i hestefag, og eit fleirtal av desse satsar vidare på master i husdyrvitskap.

– Ein bachelor gjev grunnkompetanse til å jobbe med hest. Det er ei positiv overrasking at så mange av studentane satsar vidare, seier Austbø.

Norsk Hestesenter utelukkar ikkje at fleire høgskular kan gje studietilbod til hesteinteresserte.

– Førebels har vi inngått ein avtale med Høgskulen i Hedmark. Men ettersom ridelærarutdanninga er godkjent som høgare utdanning med rett til lån i Lånekassen, kan studentar med godkjend utdanning frå oss søke om å bruke ho ved høgskular som tilbyr ein såkalla fri bachelor, seier rektor Arne Amlien.