– Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilflyttingsbygda Finnøy i Hamarøy i Nordland viser veg for utkant-Noreg.

Trass i lang veg til butikk, skule og kommunesentra, svært dårleg veg og ingen offentlege etableringar – Finnøy opplever større vekst enn andre delar av Hamsun-kommunen og Nord-Salten elles.

– Dei har skapt eit samfunn med trivsel. Det er mykje gløymt i samtida vår, men alle har eit behov for å bli sett. Her blir folk som kjem inkludert frå dag éin, medan andre stader kan det ta to, tre og fem år utan at ein er inkludert, fortel Dag Jørund Lønning, rektor på Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

Utfordrar vedtekne sanningar
– I dag verkar det som hogd i stein at om ein styrkjer regionsentra, så får ein folkevekst. Dette er noko som må debatterast mykje meir enn i dag, understrekar Dag Jørund Lønning.

I dag la han fram rapporten «Tilflyttarar til Utkant-Noreg». Her stiller han og medforfattarane Johan Barstad og Rhys Evans store spørsmål ved kva som kan gje tilflytting.

LES OGSÅ: Dette er ein attraktiv kommune

– Finnøy har vist oss at det å lukkast med tilflytting ikkje primært handlar om å ha best moglege kommunikasjonar og fire felts motorveg, men om å ta mot menneske på ein skikkeleg og ærleg måte.

– Mottoet til Finnøy er at ein skal ta vare på ein kvar som kjem, slik at dei ønskjer å bli verande, fortel Lønning.

Medmenneske
På Finnøy er det ikkje arbeidsplassane som dreg. Fleire av dei som kjem er livsstilsflyttarar, anten ein driv med landbruk eller turisme.

Den positive utviklinga i den vesle bygda har resultert i slagordet «Tilflyttingsbygda Finnøy», eit vellukka seminar og i at bygda i fjor blei tildelt bygdeutviklingsprisen for Nordland.

LES OGSÅ: Knuser myten om heimatt-tenking

– Korleis hadde eg blitt møtt om eg hadde flytta til Finnøy i morgon?

– Då er eg rimeleg sikker på at du hadde blitt invitert inn. Det er heilt sant. Folk ville tatt deg med for å visa deg rundt på øya, eller du hadde blitt invitert på kaffi.

– Det handlar til sjuande og sist om å vera medmenneske. Denne bygda tilbyr meir enn overflatiske tiltak. Folk treng å føla seg sett pris på, seier Lønning.

Grenser for politikken
Det er vanskeleg for kommunaldepartementet eller kommunestyre å vedta meir medmenneskelegheit.

LES OGSÅ: – Bygda er den nye Grünerløkka

– Kva er det viktigaste kommunalministeren og andre som arbeider med distriktspolitikk bør få med seg frå denne rapporten?

– Det er eit veldig godt spørsmål. Eg meiner ein del av politikken er på rett veg. Det er viktig at styresmaktene støttar gode lokale initiativ. Bulystprogrammet er eit eksempel på dette.

Lønning påpeikar samstundes at det er avgrensa kva statlege pengar kan gjera.

– Oslo kan aldri løysa alle problema i distrikta, men ein kan vera ein medspelar, seier rektoren ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

Kva meiner du skal til for å få fleire til å flytta til distrikta?