Musikk på øyra dempar stress

Ny forsking: Slik får musikk deg i betre humør.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette dempar stress

– Musikk i mp3-spelaren kan forvandla ein stressa situasjon til ei hyggjeleg oppleving. Musikken endrar ikkje situasjonen, men han er med på å endra opplevinga av situasjonen, seier Marie Strand Skånland, som har teke doktorgrad på korleis musikkspelarar kan brukast til å sjølvregulera kvardagen.

Arbeidet hennar viser at musikken er effektiv som eigenomsorg i dagleglivet. Det blir mellom anna vist til at musikken både vert brukt til å dempa stress, få kroppen i gang og som ein motivasjon til å gjera noko. Musikken kan også brukast til å løfta humøret, roa ned eller til å få ut aggresjon.

I arbeidet sitt har Skånland intervjua tolv informantar mellom 18 og 44 år. Dei har alle fått velja musikken sjølv, slik at musikken passa til behovet hos den einskilde. (©NPK)