Fleire tusen manglar helsestasjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange manglar helsestasjon

 

Helsestasjon for ungdom skal vere eit gratistilbod for ungdom. Hjå helsestasjonen kan ein få hjelp med spørsmål kring seksuell helse, smittevern, psykiske plagar, rus og liknande. Men ikkje alle kommunar har dette tilbodet, 28 prosent av alle kommunane mangla dette i 2010, ifølgje Statistisk Sentralbyrå.

Forskriftsfesta teneste
– Helsestasjon- og skulehelsetenesta frå 0 til 20 år er forskriftsfesta, tilbodet for ungdom er definert som ein «skal-teneste». I vegleiar til forskrift om kommunane sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid står det at helsestasjon skal vere eit supplement til, og ikkje ein erstatning for skulehelsetenesta. Ungdom som ikkje går på skule, har også rett til helsestasjonsteneste, opplyser Astrid H. Kvalnes frå Helsedirektoratet.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå mangla blant anna Balestrand, Leikanger, Bremanger, Lærdal, Fjaler, Meland, Hjelmeland, Farsund, Tokke, Aukra, Smøla, Gjemnes, Vegårdshei, Stordal og Sula ein open helsestasjon for ungdom i 2010.

Blant dei store byane er det Bergen som har dårlegast dekning. Der var det berre ein time opningstid i veka per 10.000 ungdommar mellom 13 og 20 år.