Får bruke nett på eksamen
Til våren får elevar ved enkelte vidaregåande skular bruke internett ved eksamen som eit forsøksprosjekt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forsøket vil berre gjelde enkelte fag på enkelte skular. Grunna erfaringane vil forsøket eventuelt bli utvida våren 2013, skriv Aftenposten.
– Det handlar om å la elevane få jobbe med dei hjelpemidlane dei er vane med, seier rådgivar Sissel Skillinghaug i Utdanningsdirektoratet.
LES OGSÅ: Vil flytte eksamen til før 17. mai
Skulane som skal ta del i forsøket, må dokumentere at dei har gode system for å hindre at elevane kan kommunisere med kvarandre via nettet.
Utdanningsdirektoratet skal presentere eit opplegg for forsøket i februar. (©NPK)
Er det på tide at elevar får bruka internett på eksamen? Eller blir dette å gje lov til juks?