Senterpartiet vil kjempe mot byråkratiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sp vil kjempe mot byråkratiet

– Regelverka må brukast med vit. Paragrafryttarar må ikkje få spelerom til å ta livet av den sunne fornufta i lokalsamfunna, sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete i ein tale til folkevalde Sp-lokalpolitikarar på Lillestrøm onsdag.

Ho viste til at dei ti boda tel 80 ord, mens eit EU-direktiv om import av karamellar åleine rommar 26.911 ord.

– Vi har vårt her heime òg. Berre innhaldsoversynet i plan- og bygningslova er på 1.539 ord. No høyrer de at eg står og kritiserer kor kort vi har komme sjølve i forenklingsarbeidet. Men det er ikkje så lett som å droppe ein del forskrifter. Heile system må endrast om det verkeleg skal bli veg i vellinga, seier Navarsete.

Forenkling av offentlege skjema, reglar og retningslinjer skal prioriterast høgt framover, varslar ho og viser spesielt til reglane for anbod og rekneskap og dessutan ein del forskrifter knytt til den norske EØS-medlemskapen. (©NPK)