Så mykje vil havet stiga

Klimaendringar fører til at havet vil stiga i hundrevis av år.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Havet stig mest i vest og sør

Sjølv med sterkt reduserte klimagassutslepp, kan havet stiga 1-1,5 meter langs store deler av kysten innan i år 2200.

Dette er på grunn av at klimaet i framtida vil halde seg varmt, slik at smeltinga av store ismengder vil halde fram.

Helge Drange, professor ved Universitet i Bergen, skriv i dag i ein kronikk at varmare hav og smeltande brear kan føra til at havet stig minst 40 cm i løpet av 100 år. Sørlandet og Vestlandet vil oppleva størst auke i havnivået, opp mot høvesvis 95 og 90 centimeter.

Gjennom lang tid
Drange peikar på at sjølv om stiginga ikkje er massiv, med opp mot 30 cm i løpet av 50 år, ser det ut som om stiginga vil halde fram i særs lang tid og gradvis skapa problem for kystnær infrastruktur, kultur og natur.

QUIZ: Prøv deg på klimaquizen vår!

Allereie i 2009 laga Bjerknessenteret, Havforskningsinstituttet, SWECO AS og Rambøll Norge AS ein rapport om kva skadar havstiginga ville føre med seg for norske kystbyar, særleg for Bergen og nærliggande område.

Konklusjonen då var at strandlina ved flo ville stå 2,37 meter høgare enn ved normalnivået i dag. Korkje bustader, kaiannlegg eller næringsliv er klar for dette, og det er rekna med å bli omfattande skadar på vegar, tunnelar, kloakknett, straumnett og anna infrastruktur.
 

Faktaboks

Kvifor stig havet?

1)  Hava blir varmare, slik at dei utvidar seg og veks.

2)  Isbreane smeltar, og smeltevatnet renn ut i verdshava.

3)  Meir og meir smelting av Grønlandsisen og isen i Antarktis.

Det er veldig usikkert kor kjapt og mykje isen vil smelte, men det er ikkje usannsynleg at det vil gje ei havstiging på 50-100 centimeter i løpet av 100 år. Grønlandsisen vil leie til havstiging i tropiske strok og lengre sør på planeten, medan smelting av Antarktisisen vil føre til havstiging i tropiske strok og her i nord.