Likar kylling betre enn biff

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjoråret vart eit rekordår for egg- og fjørfenæringa. Det vert no produsert meir enn dobbelt så mykje kvitt kjøt i Noreg som ved tusenårsskiftet, fortel leiar for Norsk Fjørfelag, David Koht-Norbye frå Eidsberg til NRK.

– I fjor hadde vi meir sal av kylling og kalkun, enn av storfekjøt. Det norske forbruket av kvitt kjøt har eksplodert dei siste åra, i tråd med offisielle kosthaldsråd som seier at blant anna kyllingkjøt er mager og sunn mat.

Kvar fjerde middag er no kyllingbasert. Leiar i Ernæringsrådet Haakon Meyer håpar tilrådingane deira er noko av grunnen til at nordmenn et meir fugl:

– Det er sikkert fleire grunnar, men dersom desse tala reflekterer det totale salet hos befolkninga, så er det positivt i samsvar med tilrådinga om inntaket av kvitt kjøt på kostnad av raudt kjøt.

Koht-Norbye meiner utviklinga kjem av endra matvanar.

– Eggproduksjonen har også sett nye rekordar. Dersom ein ser på kor mykje som vart produsert i fjor, så er det formidabelt kva nordmenn et av egg og kvitt kjøt. Ein ting er at eggforbruket har auka kraftig som følgje av lågkarbotrenden. Men ein meir langsiktig grunn er at mattradisjonar

frå Europa og andre verdsdelar med høgt forbruk av kvitt kjøt, i stadig større grad pregar matvanane til nordmenn.

Kylling- og kalkunproduksjonen auka med høvesvis 4 og 9 prosent i fjor, medan eggproduksjonen auka med drygt 2,5 prosent.

Totalt vart det vart produsert 56.000 tonn egg, 10.000 tonn kalkun og 75.000 tonn kylling i 2011. (©NPK)