Drøymer om småbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aller fleste bor, eller ønskjer å bu, i ein småby, ifølgje målinga. Dei fleste føretrekkjer dessutan å bu der dei bur nå. Men viss folk fekk velja fritt, uavhengig av økonomi og andre omsyn, ville 800.000 ha busett seg på småbruk, ifølgje ei meiningsmåling som Sentio har laga for Nationen.

Det er ikkje heilt overraskande dei som allereie bur på landet som ønskjer å bu på eit småbruk. Men mange som bur i storbyar har også ei dragning mot landlege lukter. 70.000, eller 11,4 prosent, av befolkninga i Oslo, ønskjer å flytta til småbruk.

Men ikkje alle som har lyst, får oppfylt draumen om småbruk. Talet på småbruk til sals er nemleg langt lågare enn etterspurnaden. Samtidig finst det nesten 35.000 landbrukseigedommar med bustadhus som anten står tomme, eller som berre blir brukt som fritidsbustader.

Undersøkinga viser liten eller inga endring i ønska til folk om bustad frå ei tilsvarande måling som blei laga sommaren 2010. (©NPK)