Tek snarveg til nyttårsaftan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den vesle øystaten i Stillehavet har nemleg bestemt seg for å hoppa over fredag 30. desember.

Meir konkret har Samoa bestemt seg for å droppa ein tidssoneallianse med USA og flytta si eiga tidssone 24 timar fram for å koma på lik linje med Asia, New Zealand og Australia. Etter å ha lagt seg torsdag kveld, vil innbyggjarane dermed ikkje stå opp igjen før laurdag morgon.

Dette betyr også at frå alltid å vera sistemann til å feira nyttårsaftan, vil samoanarane i år vera blant dei aller første til å jubla for det nye året.

Statsminister Sailele Malielegaoi trur tidsendringa vil gjera det lettare for Samoa å handla med nøkkelpartnarar.

– No treng vi ikkje lenger å oppleva at folk ringjer oss frå New Zealand og Australia på ein måndag og trur det er måndag også her, medan vi eigentleg har auga igjen og sit og ber i kyrkja. Og vice versa på fredagar; når vi ringjer opp kontaktar som allereie har reist på helgeturar på laurdagane, seier han.

– Det vil ta bort ein masse forvirring rundt reisetider for samoanarane og spesielt for turistar som kjem til Samoa, legg han til. (©NPK)

LES OGSÅ: Kampen om sommartida

Faktaboks

Samoa er eit land forma av ei øygruppe i Polynesia i Stillehavet. Cirka 193.000 innbyggjarar.

Les meir på Wikipedia!

Les meir om samoisk i Allkunne!