– Skogbruk er framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå vidde til skog?

Statistikken er tydeleg: Talet på gardsbruk i Noreg er på veg nedover. Å leve av å drive eit småbruk er vanskeleg utan ei attåtnæring. Bønder gjev seg, gardar stend tome. For mange blir dyrehald for tidkrevjande og ulønsamt. Dette biletet blir teikna med stadig tydelegare strekar. Mange vender seg mot turismen for å tene pengar i staden.

Harald A. Kvålen i Vinje likar ikkje denne utviklinga. Han meiner turisme ikkje er berekraftig i lengda. Ei storsatsing på skogen og skogbruket er heller vegen å gå, meiner han.

– Den internasjonalt anerkjende skogforskaren og tidlegare fylkesskogsjef Knut Dæhlen sa i 2003 at tregrensa kjem til å gå 300 meter høgare enn i dag i løpet av 100 år, på grunn av gunstigare veksttilhøve. Tregrensa har alt stige med 50 meter sidan 70-talet. Sjå berre på Skafsåheia, som har gått frå å vera snau til å bli bjørkeskogområde.

– Dette tyder at dei typiske heigardane her i Vest-Telemark, der det er vanskeleg å drive lønsamt i dag, kan bli til skoggardar med stor verdi dersom ein vel å plante skog, slår Kvålen fast.

Sjølv eig han større eigedomar i Vågslid og Vinje, der han gjennom fleire år har planta ulike tresortar for å teste levedyktigheita dei har i høgfjellsklimaet.

– Vinje kan bli ein skogreisingskommune att. Eg byrjar å få god dokumentasjon på at det går fint å skogkle viddene her.

Attgroing eller ressurs?
Kvaalen meiner skogbruket i Vest-Telemark er forsømt i seinare år, og at miljøorganisasjonar må ta sin del av skulda for det.

– Store område er ikkje stelt, og utviklar seg til ein jungel. Skogpleie er viktig. Dei såkalla miljøorganisasjonane vil verne skogen for å bevare han som han er. Men det er i beste fall dårleg kunnskap, i verste fall løgn. For naturen er alltid i utvikling – nye artar vil kome og gamle vil forsvinne, seier Kvaalen.

Eit viktig argument for både Kvaalen og framtredande ekspertar på skogbruk, er kva utvikling av skogsareal kan ha å seie for klimaet. No avdøde Dæhlen var tidleg ute med å peike på moglegheitene eit aktivt skogbruk gjev for å løyse klimagassutfordringane.

– Ved aktiv bruk av verdas skogressursar kan me på ein svært kostnadseffektiv måte ved hjelp av fotosyntesen binde store mengder av CO2 frå alle utslepp til atmosfæren, og samtidig bidra til næringsliv i land med store skogområde, skreiv Dæhlen i ein kronikk i 2008.

Skogspleie og planting er viktige klimatiltak både lokalt og internasjonalt, meiner også Kvålen.

– Det er dessutan mykje snakk om at kulturlandskapet i fjellbygdene gror att. Men er det attgroing det er snakk om, eller er det ein ny skogressurs? Forskar Dæhlen slår fast at den sakteveksande skogen i fjellbygdene har mykje betre bereevne enn grån frå Grenland. Trevirket herfrå er meir haldbart og førti prosent sterkare.

Ein kamp
Kvaalen er klar på at ein må leggje til side førestillinga om at alle kommunar skal kunne leva av turistar og den same ideen samtidig.

– Ein må ta fatt i styrken lokalt på dei ulike plassane. Ein må skape ei levedyktig næring som gjev arbeidsplassar og er sosialt viktig. Ein ser ein kamp mellom miljøvern og skogreising, og eg oppfattar ei kriminalisering av det å føre inn nye tresortar, seier vinbyggen, som sjølv har importert og planta ulike tresortar med stort hell.

– Eg ynskjer berre at folk skal bli klar over moglegheitene dei har. Det handlar om å skape ei framtid for Vest-Telemark, avsluttar Kvaalen.

– Svært spennande
Terje Kristoffersen er rektor på Søve vidaregåande skule, og har lang fartstid i skogbruket, mellom anna som skogsjef i AT Skog. Han synest planane til Kvålen er spennande.

– Skal ein opp på vidda og plante skog, krev det grundige forstudium. Kor tilpassingsdyktig er skogen dersom klimaet snur om 20 år? Kvålen bør få god drahjelp til å utvikle og prøve dette ut. Innanfor nokre soner og høgdemeter med rette jordtilhøve er dette mogleg. Kvålen er ein av dei fremste kjennarane av dette feltet, og har mykje fagleg tyngde i skogbruket. Han veit kva han driv med, og dette er frykteleg spennande.

Kristoffersen meiner ei lovendring må til for å sikre ungskogpleie og planting.

– Ungskogpleie og planting er forsømt. Der har me jobba litt i motvind tidlegare. Me treng ei klar haldning om at skogen skal foryngast. Ungskogpleie er essensielt for å optimalisere kvaliteten, skogsbilete og økonomi, seier Kristoffersen.

– Ungskogpleie fyrst
Lasse Mathisen, landbruksrådgjevar i Vinje kommune, meiner ein bør fylgje opp ungskogpleia før ein kler nye område med skog.

LES OGSÅ: Minkande matjord skal fø på fleire

– Me må fyrst og fremst stelle den produktive skogen me har. Ungskogpleia har vore eit forsømt område, så ein bør heller bruke tilskot og ressursar på å stelle den skogen me har. Sjølvsagt har ideane potensiale, men eg har ikkje trua på at dette åleine blir nokon redning for landbruket, seier Mathisen.

Han fortel at 43 prosent av skogen er gammal skog som burde vore fornya.

– 30 prosent tilskot til faktiske utgifter ved planting og ungskogpleie, og gunstige skattefordelar gjer at tilhøva ligg økonomisk godt til rette. Det står millionar inne på skogfondet til Vinje kommune, som skal investerast i skogen att av skogeigarane. Ein viss prosentdel av brutto tømmerpris går rett inn i skogfondet. Det er eit fond som gjev låge renter, for pengane skal eigentleg ikkje stå der lenge før dei skal bli bruka.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!