2012: Det siste året?

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje diverse dommedagsprofetiar går me snart vårt siste år i møte; det florerer av teoriar om kvifor og korleis livet slik me kjenner det skal ta slutt. Både asteroidenedslag, kraftige solstormar og kollisjon med ein ukjent planet står på programmet. Det dei fleste har til felles er at Mayakalendaren tek slutt den 21.12.2012. Ifølgje Mayaindianarane sjølv er det ikkje snakk om noko verdas undergang, snarare tvert imot: store endringar vil skje, og resultatet vil bli at verda går inn i ein ny æra. Og slik verda ser ut i dag, er det sanneleg på tide med forandring.

Dagens verdssamfunn er grovt sett eit fleirtal av utviklingsland undertrykt av vestleg overflod og grådigheit. Hjelpeorganisasjonar og miljøorganisasjonar prøver desperat å setja klimautfordringar og kamp mot fattigdom på dagsorden, ei utfordring som nærmast er uoverkommeleg i seg sjølv. Spesielt her til lands kor redusert tilgang på smør vert toppoppslag i media og definert som ein krisesituasjon. Hadde det no endå vore noko mindre viktig me mangla, som til dømes reint vatn. Men smør, nei, det kan me ikkje klara oss utan, det må då dei fattige ungane i Afrika forstå! Stakkars, smørlause oss, korleis skal me no klara å gå ned i vekt? Det er berre eit ord som kan beskriva smørhysteriet: flaut. Me har verkeleg nådd eit lågmål når slike sylteagurknyheiter utkonkurrerer klimaforhandlingane i Durban; som óg er eit kapittel for seg sjølv.

CO2-konsentrasjonen i atmosfæren har aldri vore høgare, likevel var det på naud og neppe at ein unngjekk at årets klimaforhandlingar kollapsa. Sett i samanheng med dei aukande klimautfordringane er resultatet av forhandlingane ingenting å vera fornøgd med – og slett ikkje optimistisk. Korleis skal det gå med den stakkars planeten vår når supermaktene nektar å ta innover seg dei konsekvensane drivhuseffekten skapar, og endå mindre vil ta ansvar for eigne utslepp? Ikkje at me er så mykje betre her til lands. Her vil me bruka våre verdifulle fornybare energiressursar på å forsyna vårt lands klimaversting: oljeindustrien. Slik at plattformane skal kunna pumpa opp endå meir olje og gass som me kan eksportera til utlandet, og samtidig overføra våre CO2-utslepp til andre land. Kva for ein klimapolitikk er det?

«Olje-Ola» Borten Moe har lova å gå utanom forvaltningslova og dekorera Noregs land og strand med gigantiske høgspentmaster og vindmøller. Kvifor det, når me har nok fornybar energi her i landet? Dersom Noreg vil gje eit truverdig inntrykk av å vera miljønasjon, kvifor vert det ikkje då satsa større på energieffektivisering i staden for denne naturøydeleggjande masseutbygginga? Grunnen er openbar: Noreg si miljøsatsing er økonomisk motivert. Med desse storstilte utbyggingsplanane ligg me an til å håva inn milliardar av kroner på krafteksport. Attpåtil ynskjer eit utal politikarar å utvida «oljeeventyret» med oljeboring i sårbare område som Lofoten og Vesterålen.

Rett nok er Noreg sine CO2-utslepp små i verdssamanheng. Men er det rart, når me ikkje berre eksporterer den forureinande energien, men i tillegg bruker fornybar energi til å forsyna plattformane for å unngå utslepp innan eigne landegrenser? At Noreg er bortimot uskuldig i klimasamanheng er ein illusjon politikarane prøver å selja både nasjonalt og internasjonalt. Nokon prøver også å forsvara norsk olje- og gassproduksjon ved å påstå at den er heilt nødvendig, og at dersom me stengte kranane ville det bli auka bruk av kolkraft og oljesand. Det er ein håplaus argumentasjon. Hadde dei rike landa for ein gongs skuld sett økonomisk grådigheit til side og verkeleg gått inn for å få ei endring i den menneskeskapte klimautviklinga, kunne dei ha hjelpt utviklingslanda til å bygga ut sine eigne, fornybare energikjelder. Med solcellepanel i 1 % av verdas ørkenområde kunne ein dekka heile verda sitt energibehov. Å subsidiera slike prosjekt i staden for dyremishandling i form av pelsproduksjon er kanskje noko norske politikarar burde tenka over. Er det ikkje på høg tid å ta frå dei rike og gi til dei fattige?

1 milliard menneske lever i dag for under 5 kr dagen. For oss som er ein del av eit overflodssamfunn kor mangel på smør blir omtalt som ein krisesituasjon, er det vanskeleg å ta innover seg omfanget av dette. Det er lett å stenga ute verkelegheita som gjeld så mange, men som er så fjern for oss. Eg håpar Mayaindianarane har rett i at 2012 blir året for ein ny æra, kor kapitalinteresser og smørkriser må vika plassen for storstilt, global klimasatsing og kamp mot fattigdom.