Vankunne i Durban

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnlaget for klimatoppmøtet i Durban er vitskap og politikk. Eg tvilar ikkje på det naturvitskaplege grunnlaget og på at det er viktig å minska utsleppa av drivhusgassar.

Men eg synest at den politiske delen er dårleg fundert. Eg meiner at miljøpolitikken vår og framlegga våre til tiltak for å minska utsleppa ofte byggjer på vankunne.

Aldri før har grøne honnørord sete så laust som etter at Kyoto-avtalen kom i stand, og aldri før har utsleppa auka så raskt. Lat oss sjå nærare på bakgrunnen for Kyoto.

Nord og sør
Før avtalen i Kyoto kom i 1997, var her mange politiske dragkampar. Lobbyistar og pressgrupper var aktive. Utviklingsland i sør kravde særvilkår for å vera med: ingen tak for utslepp. Peng­ar til tiltak mot avskoging og for å auka karbonlageret i skog.

I nord var det motsett: Tak for utslepp og nasjonale klimamål. Null verdi for karbonlagring i skog.

Med dette vart det lagt eit grunnlag for flytting av utslepp. I nord kan me nå klimamåla våre ved å flagga ut industri og produksjon til Kina og India, eller ved at UiO og UiB legg kurs og seminar til Bali og Brasil. Når me legg ferien vår til fjerne land eller handlar i Sverige, er det små steg mot å nå norske klimamål. Langreist smakar betre enn kortreist. Nasjonale klimamål fremjar mobilitet. Lokale utslepp tel med, interkontinentale flyreiser ikkje.

Og vil pengar frå toppen, milliardar til u-land, minska utsleppa der?

Omstridd skog
Skogen er eit kapittel for seg.

I sør, der ved og trekol er viktig for fattigfolk, skal dei minska hogsten og avskoginga. I nord er det motsett. Eit viktig tiltak er auka hogst til bioenergi, som kan erstatta fossil energi. Dette gjev oss plusspoeng i Kyoto. Auka lagring, som ofte er meir effektivt, er ikkje verdsett.

Ulike miljøorganisasjonar kjempa i si tid mot å ta med karbonlagringa i nord. Det ville gjera det for lett for skogrike land, som Canada, å nå klimamåla sine. Med dette vart avtalen fråkopla naturen.

Dette er uansvarleg. Områda i nord er no, saman med havet, jordas viktigaste karbonsluk. Dei har fått ei stadig viktigare rolle: I 1960 stod biosfæren på landjorda for netto frigjering av karbon til atmosfæren, ved avskoging og oppdyrking. I dag er det motsett, tilgroing og auka vekst veg meir enn avskoging. Globalt står biosfæren på landjorda no for eit netto opptak av sju milliardar tonn CO2 per år, 20 prosent av dei fossile utsleppa våre. Sentralt i dette står boreal skog.

I si tilråding i 2006 skriv Lågutsleppsutvalet: «Innholdet av karbon i en skog er tilnærmet konstant over tid. (…) tilveksten i boreale skoger bør holdes utenfor klimaregnskapet.» Dette er eit døme på vankunne, men denne tilrådinga la grunnlaget for det norske klimaforliket! I år etter år har eg teke dette opp, men aldri fått svar.

Med avtalen fylgjer pengar og forskingsmidlar. Retorikk, der både apokalypse og frelse er med, gjev utteljing: mørke utsikter, enkle tiltak, grønvasking. Fleire NGO-ar spesialiserer seg på dette. Dei er budsjettvinnarar, både i Norad og i Noreg.

I sør vert tala for avskoging dramatiserte. Eit døme er den siste rapporten frå WWF, lagd fram i Durban.

I nord vert gevinsten ved auka hogst til biodrivstoff blåsen opp. Eit døme: I ein sektoranalyse for Klimakur 2020 skriv Statens vegvesen: «Fram til 2030 er det beregnet en potensiell utslippsreduksjon knyttet til økt bruk av biodrivstoff på mellom 3,8–7,7 millioner tonn CO2.» Det øvre alternativet kunne, om råstoffet er trevyrke, ha avskoga Noreg på nokre tiår. Det norske bidraget til atmosfæren ville då ha auka dramatisk. Tekno-optimismen står sterkt, men er ofte naturstridig.

Fatt i feil ende
Bak klimapolitikken vår ligg ei tru på at rein energi og ny energi skal fortrengja skitten energi. Men verda er sjeldan slik. Noreg har gjennom hundre år bygt ut 120 TWh rein vasskraft, nok til 6 millionar husstandar. I denne tida har utsleppa våre av CO2 auka bratt. Brasil har satsa enormt på produksjon av bioetanol frå sukker. Men dei brukar òg stadig meir fossilt drivstoff.

Å prøva å løysa problema med ekspansjon er å ta fatt i feil ende. Det er her Kyoto og Durban feilar mest. Det er den ekspansive og grenselause livsstilen vår som krev meir energi og aukar utsleppa. Det meste av vår private og offentlege kreativitet går ut på å finna på nye former for ekspansjon. Frå pompøse fotball-VM til vindmøller til Lambda. Få tiltak fremjar måtehald og økonomisering.

Her trengst ei haldningsendring. I støyen frå Durban er ho vanskeleg å høyra.

Trygve Refsdal