I Møhlenpris IL er kvinnelege trenarar ein del av opplæringa om korleis det er å bu i Norge.

Kristine Askvik
Kristine Askvik

 

Leila Rossow (29) ser utover volleyballbana. Nisser i ulike storleikar spring rundt. Felles for dei alle er at dei har fleirkulturell bakgrunn. Nokre har funne seg ein plass ved sidelina. Det er like før dagens turnering skal byrje, den siste i år.

Leila gjer teikn til kven som skal byrje. Alle må kjapt ut på bana. Dei som ikkje skal spele, får beskjed om å kome seg av.

Berre ei mellomlanding
Møhlenpris idrettslag (MIL) vart skipa i august 2010. Det er eit gratis lågterskeltilbod for ungdomar med fleirkulturell bakgrunn. I bydelen Møhlenpris i Bergen har kring ein tredel av barn og unge fleirkulturell bakgrunn.

Målet til grunnleggjar David Martinez er å få fleire med minoritetsbakgrunn inn i idretten. I dag er minoritetsungdom underrepresentert i organisert idrett. Norges idrettsforbund har hatt «ein open og inkluderande idrett» som sitt politiske hovudmål i åra 2007 til 2011.

Vil spleise med lokalt lag
– Vi skal vere som ein transit. Her skal ungdomane berre vere ei stund, før dei kjem seg vidare til andre idrettslag, seier David. Sjølv kjem han frå Colombia, er oppvaksen i Kragerø og har bakgrunn som toppspelar i basket.

Sidan august i fjor har 110 ungdomar delteke på treningane til MIL. 75 av dei har no byrja i eit anna idrettslag, der dei speler fotball eller volleyball. Målet er å spleise flest mogleg av ungdomane med eit idrettslag i deira lokalmiljø.

– Vi er veldig fornøgd med at så mange allereie har byrja å spele på eit lag hjå deira lokale idrettslag, seier David.

Forstår kvarandre
Nokre har køyrt langt for å kome til dagens nissetrening. Nesten ein time i buss i sludd og snø. Dei vil så gjerne få med seg denne treninga.

Ewa Piwowarczyk (17) spring mot lagkameratane og feirar det siste poenget. Dei klaskar hendene mot kvarandre og ropar høgt.

– Vi forstår kvarandre. Vi spelar saman. Vi er ikkje flau av å snakke norsk her, for alle er nybyrjarar, seier Ewa. Sjølv kom ho frå Polen til Norge for to år sidan.

– Vi må ikkje betale her og det er ein fordel. Mange av oss har ikkje så mykje pengar. Ofte er det berre ein av foreldra våre som er i jobb, forklarar Ewa.

Meir enn idrett

Målet er ikkje berre å drive idrett.

– Gjennom idrett kan ungdomane lære om korleis det norske samfunnet fungerer. Det er mellom anna difor vi vektlegg å ha kvinnelege trenarar. Mange er ikkje vant med å respektere kvinner og ta imot beskjedar frå kvinner. Det lærar dei her, seier David.

– Når målet er å inkludere personar med minoritetsbakgrunn, kvifor ikkje samle både etniske nordmenn og minoritetar?

– Vi har tru på først å ha eit tilbod til berre ungdom med minoritetsbakgrunn slik at dei kan lære seg sosiale kodar og bygge opp kompetanse. Det gjer dei meir rusta til å gå vidare ut i det norske samfunnet. Det dei lærar gjennom idretten kan overførast til andre stader som skulen og arbeidslivet, seier David.

Skal takle konfliktar

MIL ynskjer at kvar av ungdomane skal styrkje trua på seg sjølv, gjennom å vere i fysisk aktivitet og samarbeide i ei gruppe. Dei lærer å takle konfliktar, og støtte og oppmuntre lagkameratar.

– Vi må stole på kvarandre når vi spelar saman. Det gjer at vi vert trygge på kvarandre og vi vert godt kjende, seier Ewa.

MIL legg vekt på å rekruttere trenarar som er engasjerte og fagleg dyktige. Mange har bakgrunn som pedagogar. Nokre har og eigne erfaringar med det å vere innvandrar.

– Eg følte det som eit kulturkræsj då eg flytta frå Frankrike til Norge. Eg føler at mange her har dei same utfordringane. Eg ser at idrett gjer at dei vert positive og entusiastiske. Etter kvart har ungdomane vorte som ein stor familie. Det er veldig rørande å sjå, seier Leila.

Mange får nei

MIL vert støtta av Bergen kommune ved Idrettsservice, Hordaland idrettsråd, Hordaland idrettskrets og får inkluderingsmidlar frå Kulturdepartementet.

– Utan støtte frå alle dei, hadde vi ikkje eksistert, seier David.

For neste års budsjett på nær ein halv million, manglar framleis halvparten.

– Eg håpar vi får det vi treng. Vi har 45 ungdomar som står i kø for å byrje hos oss, seier David.

– At så mange ynskjer å delta hos MIL er eit signal om at dette er eit tilbod som ungdomane vil ha. Samstundes er det eit varsku om at dei lokale idrettslaga treng meir støtte og veiledning i høve til å kunne tilby aktivitetar òg for desse målgruppene, seier fagkonsulent Marte Brunborg i Idrettsservice i Bergen kommune.

Ho kan ikkje lova at alle vil få plass, men seier kommunen vil prioritere MIL framover.

David Martinez vart denne veka tildelt Bergen kommune sin FYSAK-pris (forkort. fysisk aktivitet)for arbeidet med minoritetsungdom på Møhlenpris i Bergen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE