Foreslår at SV byter namn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olav Magnus Linge foreslår at partiet får namnet Sosialistisk Folkeparti, som partiet heitte då det vart stifta i 1961.

Parlamentarisk leiar i SV, Bård Vegar Solhjell, er ein av dei som er open for å diskutere namneendring.

– Eg er positiv til forslaget. Sosialistisk Folkeparti er eit meir folkeleg namn ein Sosialistisk Venstreparti. Det ville også henta opp i seg ein del av SF-tradisjonen. Men eit namnebyte kan ikkje berre vere eit namnebyte. Det må vere ein del av ei større politisk fornying, seier Solhjell til Ny Tid.

Namnet Sosialistisk Venstreparti stammar frå samlingskongressen i Trondheim i 1975 då SF vart nedlagt. Under denne kongressen slo SF, Ap-utbrytarar, deler av NKP og uavhengige sosialistar seg saman til SV. SVs første partisekretær, historikar Svein Skotheim, seier han er open for nye løysingar.

– Eg har aldri likt SV-namnet noko spesielt godt. Det var Reidar T. Larsen som fekk gjennom SV-namnet, fortel Skotheim. Larsen gjekk frå NKP inn i nye SV, men meldte seg ut igjen etter SV-støtte til Nato-bombing av Milosevic-regimet i 1999.

– Målsetjinga vår i 1975 var jo å samle alle fraksjonane under eitt namn. Eg kan ikkje hugse om det var eg som kom opp med forslag om Sosialistisk Venstreparti. Men det var jo eit naturleg val. Det skulle fortelje at det var eit sosialistisk samlingsparti på venstresida, fortel 88-årige Reidar T. Larsen til Ny Tid. (©NPK)

Kva namn meiner du er best?