Stopp #SOPA

Ole Mjelstad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SOPA (Stop Online Piracy Act) har som formål å setje ein stopper for piratkopiering, men vil få konsekvenser langt utover dette. Lovforslaget er så dårlig at det har fått motstandarar som Google, Facebook, Twitter, Wikipedia og 83 av grunnleggjarane til internett. Dersom det blir vedtatt kan alle nettsider som blir mistenkt for å vise vidare til piratkopiert materiale bli stengt, og opphavspersonen dømast til fengsel i opp til fem år. Førebels gjeld det berre i USA, men sidan så mykje av infrastrukturen på nettet går gjennom amerikanske servarar vil dette vere merkbart i Noreg òg.

Som ein varm forkjempar for fildeling, både lovleg og ulovleg, synst eg dette er ille nok i seg sjølv. Men hovudproblemet er at dette vil endre måten brukargenerert innhald blir handtert på nettet. La meg ta nokre eksempel:

Kva rammar SOPA?
Sjølv om du i utgangspunktet aldri oppfordrar til piratkopiering, eller lenkjer til piratkopiering på bloggen din, kan den stengast dersom du lenkjer til nokon som gjer det. Har du full oversikt over alt alle du lenkjer til skriv om? Viss ikkje har du eit problem.

Har du lyst til å legge ut ein video frå ein fest, der dei speler musikk i bakgrunnen? Det kan du berre glømme med SOPA.

Dersom ein brukar på Twitter eller Facebook legg ut lenkje til piratkopiert materiale, eller ei nettside som i sin tur igjen lenkjer vidare kan desse nettsidene stengast. Heile nettsidene altså.    

Konsekvensene av dette kan me berre ane konturane av, men det vil føre til omfattande sensur, der dei store opphavsrettsinnehavarene i film- og platebransjen kan peike på ein nettstad og få den stengd. Dersom du skulle meine at du er uskyldig, er det ditt ansvar å setje i gang etterforskning og føre rettsak som beviser dette.

Eit demokratisk problem
Ein av styrkane til internett har vore at det har vore fritt og mangfaldig. Utviklinga går i meir og meir lukka retning. I april i år vart datalagringsdirektivet vedtatt, som innhentar informasjon om all aktiviteten din på nett. SOPA er i samanlikning mykje verre, fordi det ikkje berre gjer høve til å innhente informasjon, men òg handle på bakgrunn av den. Dette flyttar maktstrukturane på nett, til å likne meir på den verkeøege verda.

Der teknologisk kompetanse og utvikling heile tida har vore einsbetydande med makt på nett, vil SOPA omstrukturere til at dei med mest pengar har mest makt. Vegen herifrå til fullstendig kontroll over nettet er kort. Dei som taper er meg og deg.