Smørmangelen kan velte Tine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag 40 prosent av dei spurde seier at dei har fått eit dårlegare inntrykk av Tine enn det dei hadde før, skriv Nationen.

Omdømmeekspert Trond Blindheim meiner kritikken mot Tine er «fortent». Han seier smørmangelen burde ha vore unngått, og at det er svært viktig at eit selskap som Tine ikkje gjer feil. Han trur oppstyret rundt dei sviktande smørleveransane til Tine kan vere éin av mange ting som på sikt vil velte føretaket.

– Altså, det systemet vi har i dag, der Tine så å seie har monopol på mjølkeprodukt, det er eit system dei hadde på 1920-talet, seier han.

Han kallar situasjonen denne hausten for «sovjettilstandar» og seier at dei som tar til orde for ein friare marknad i meieribransjen òg, kjem til å bli sterkare.

– Mange vil nok seie at Tine lever litt på overtid. Situasjonen no er gunstig for produsentane, men ikkje forbrukarane, seier Blindheim.

Leiinga i Tine er ikkje overraska over at folk er skuffa, og at konsernet sit igjen med eit svekt omdømme etter smørmangelen.

– Omdømmetapet er fortent, og vi er ikkje overraska over at folk er skuffa og irritert. Smørmangelen er beklageleg og burde ha vore unngått, og vi tar sjølvkritikk på at vi ikkje til fulle såg den samla effekten av redusert mjølkeinngang og den store auken i etterspørselen etter smør tidleg nok, seier kommunikasjonsrådgivar Øystein Knoph i Tine. (©NPK)