Gir bort 4.000 verpehøns

Nye EU-reglar gjer at Bjørn Steinar Nesheim og kona legg ned eggproduksjonen, og vil gi vekk dei 4.000 hønene til folk som vil ha.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tredje juledag må du merka av i kalenderen dersom du ynskjer deg ei eller fleire kostnadsfrie verpehøner. Hønene som blir att denne dagen, vil bli gassa i hel.

– Det er heilt vanleg at me slaktar dei ned på denne måten før me får inn nye, men me synest sjølvsagt det er kjekkast om me kan gje dei bort  nå når me skal avvikla. Hønene verp maksimalt eitt egg om dagen kvar, seier Bjørn Steinar og er spent på kor mange som vil vise si interesse.

– Høner er veldig kjekt å ha, ikkje minst viss ein har ungar. Tidlegare har me også gitt egg blant anna til sjukeheimen, og det var veldig vellukka. Me har nok høner til alle mannfolka i Vindafjord, seier Elisabeth lattermild.

Årleg har dei 4.000 hønene på Nesheim produsert 1,3 millionar egg til norske forbrukarar.

Nye EU-reglar
Frå nyttår får ikkje bønder i EU/EØS-området lenger lov til å ha verpehøns i tradisjonelle bur. Rundt halvparten av norske eggbønder gjev opp produksjonen som direkte følgje av det nye forbodet. Ekteparet Nesheim, som overtok stafettpinnen frå Bjørn Steinar sine foreldre for 25 år sidan, har visst om den kommande lovendringa i to år og har etter kvart innsett at eggproduksjonen ikkje lenger er liv laga etter at forbodet trer i kraft ved årsskiftet.

LES OGSÅ: – Skuffande landbruksmelding

– Det er vemodig, men til slutt blir det eit spørsmål om prioritering. Me har fleire ballar i lufta, og held på å restaurere ei gamal løe frå 1600-talet som ein del av vårt selskapslokale «Oldemors hus». For to år sidan rekna me oss fram til at det vil koste seks-sju millionar kroner å skaffe nye bur, fleire høner og nytt bygg. Med andre ord vil ikkje hønene lenger klare å betale for banken, slik dei gjorde tidlegare. Dessutan ville me gjennom ei slik investering ha lagt føringar 20-30 år fram i tid, ei tid då me ikkje lenger er i arbeidslivet. Då satsar me heller på restaureringa, seier ekteparet.

Begge to jobbar på garden forutan om fulltidsjobbane dei har som helsesyster i Vindafjord kommune og rådgjevar i skulen. Bjørn Steinar som dreiv garden på heiltid fram til 2006, reagerer på at det til no er retta lita eller inga merksemd mot konsekvensane av dei nye reglane.

Paradoks
– Totalt forsvinn det rundt 500 arbeidsplassar i landet på grunn av dette. Rundt halvparten av dei tusen eggbøndene forsvinn, folk mister jobbane sine. Så stille hadde det aldri vore dersom dette hadde skjedd på Hydro eller liknande, seier han.

Ekteparet har litt blanda kjensler for bakgrunnen for lovendringa, nemleg argumentet om dyrevelferd.

– Generelt synest eg det er bra og viktig å tenke dyrehelse, men eg meiner at det blir lagt altfor mykje kjensler i dette. Forbrukarane og myndigheitene ynskjer seg det koselege biletet av høna på tunet, men sanninga er at frittgåande høner er langt meir utsette for pekking, kannibalisme og støv enn det burhøns er, seier Elisabeth.

– Det eksisterer ei romantisering av jordbruket. Sett på spissen blir me styrte av ungjenters kjensler, og det må me som bønder retta oss etter. Bøndene gjer ikkje anna enn å omstille seg etter staten sine krav. Samtidig er det slik at dette glansbilete berre gjeld produksjonen. I butikken vil norske forbrukarar betale minst mogleg, og då er dette urealistiske krav å oppfølgje, meiner Bjørn Steinar.

Vedlikeheld menyen
Egg er ein solid del av kosten hos familien Nesheim, og dette vil neppe endre seg med det første.

– Eg held meg til staten si anbefaling om fem om dagen. Fem egg då sjølvsagt, ler eggentusiasten, som aldri blir lei av å ete egg.

LES OGSÅ: Då Dag blei dagens

Det blir heller inga endring i den eggande menyen som ekteparet har komponert i samband med turistsatsinga si «Oldemors hus». Framleis vil dei servere eggedessertar som karamellpudding, eggedosis med rips, Dronning Maud-pudding og deira eigen Nesheimdessert.

For berre to månadar sidan vart Elisabeth kåra til årets egge-ambassadør med prisen «Gla´egget 2011» av Matprat (Opplysingskontoret for egg og kjøt) for si formidling av matglede og kunnskap om bruk av norske råvarer. Gjennom fleire år har ho vore styremedlem i Prior, aktiv i blant anna Rogaland Bondelag, Noregs Bygdekvinnelag og reiselivsorganisasjonar.

– Dei insisterte på å gi meg prisen til trass for at me skulle avslutta produksjonen. Det var veldig kjekt å bli anerkjent på den måten, smiler ho.

LES SAKA I GRANNAR!