Skal jobba for nynorsken

Marit Aakre Tennø er tilsett i Noregs Mållag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Mållag prioriterer arbeidet med norskfaget og sidemålsordninga høgt fram mot stortingsvalet hausten 2013. Eit viktig grep er å opprette ei eiga stilling som norskfagskonsulent, og Marit Aakre Tennø no er tilsett i denne stillinga, skriv laget på heimesidene sine.

Nynorsken
– Eg tykkjer det er både kjekt og viktig å arbeide for nynorsken. Og det er ekstra kjekt å arbeide for ei brei folkeleg rørsle, og for ein organisasjon som er full av folk som står på for nynorsken, seier Marit Aakre Tennø, nytilsett norskfagskonsulent, til nm.no.

LES OGSÅ: Tek telefonen for tilflytting

Dette er ei prosjektstilling i 80 % som varer fram til 30. september 2013. Ho byrjar i jobben måndag 2. januar 2012. Stillinga vart lyst ut i oktober, og totalt var det 14 søkjarar.

Jostedalen
Marit Aakre Tennø bur i Jostedalen i Luster, og held fram med det. Dette tyder at arbeidet i hovudsak blir gjort frå kontoret i Sogn og Fjordane. I tillegg vert det noko reising med regelmessige kontordagar på skrivarstova i Oslo, særleg fordi det vil vere ein del møteverksemd i Oslo.

Norskfagskonsulenten vil samarbeide nært med skulemålsskrivar, dagleg leiar og leiar. Skulemålskrivar vil halde fram skulemålsarbeidet knytt til nynorsk i barnehagar, barne- og ungdomsskulen, vidaregåande skule og oppretting av nynorsk parallellklassar, skulemålsrøystingar og så bortetter.

Les saka i Sogn Avis!