Lurer på kvar mekkehallen vart av
Det var mange som snakka om mekkehall i valkampen. Sidan har det vore stille, men det betyr ikkje at ein mekkehall ikkje er ønska.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etterlyser mekkehallen
To av dei som gjerne kan tenkje seg ein plass å vere for å skru på motorar er Ole Henrik Forberg og David Andersen.
– Med ein mekkehall hadde ungdom hatt noko å finne på. Dei fleste har ikkje nokon plass til å stå å skru, ikkje garasje eller uteplass, seier Andersen.
– Samfunnet treng motorinteresserte menneske òg, meiner han.