Betaler dyrt for luft

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forbrukarrådet har røntgenfotografert ulike daglegvarer i svulmande posar og fargerike øskje for å sjå om matkremmarane juksar med innhaldet. Resultatet er eintydig, her er det mykje luft. Ikkje berre matvarer, men esker med leiker, vaskepulver, klede og hushaldningsutstyr er nesten alltid langt større enn naudsynt.

– Unødig emballasje gjer at tusenvis av unødige lastebilar er på vegane, pluss enorme mengder søppel, seier Gunstein Instefjord, som er fagdirektør for handel hos Forbrukarrådet.

– Kundane har skulda
– Norskproduserte varer inneheld jamt over mindre luft enn importerte varer, og det jobbens aktivt for å redusere innhald av unødvendig luft i alle ledd, seier Jan Ove Holmen i Den Norske Emballasjeforening. Han meiner også at vi kundar har eit eige ansvar.

– Kundane føretrekk gjerne de største pakkene når dei handlar. Dermed kan miljøbevisste produsentar, som fjernar unødig luft, tapa kampen om kundanes gunst, seier Holmen.

Luftig forureining
Å pakka inn luft, betyr meir papp og plast, men det er likevel ikkje overflødig emballasje som er hovudproblemet når produsentane vel luftige pakningar.

– Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld å resirkulera papp og papir. Det store problemet er alle lastebilane som køyrer rundt med luft i staden for varer. Luftige pakningar gjer at trailerane ikkje utnyttar vektkapasiteten, sjølv om dei er fylte helt opp, seier Jens Olav Flekke, som er dagleg leiar i Dagligvarehandelens Miljøforum.

– Å redusere innhaldet av luft i emballasje med berre ti prosent, vil føre til at transportbehovet i Noreg reduserast med over ein halv million pallar. Det vil gjere at det blir ti tusen færre trailerar som kjører på norske vegar, altså ein klar reduksjon av trafikk og luftutslepp, seier Flekke.

Kan vil få mindre luft?
Det er fullt mogleg å redusera innholdet av luft. Eit døme er godteriprodusenten Brynild som har redusert innholdet av luft, og dermed redusert både søppelmengda og utsleppa frå transport.

Så neste gong du vert freista til å ta den største øskja i butikken, kan du klemma lett på pakken og finna ut kor mykje luft du tar med deg. Sjølv om vi som kundar freistast til å ta den største pakningen, er det viktig å hugse at det kan vere like mykje innhald i den som er halvparten så stor.