Sjølv om rekordmange vil vere i arbeid neste år, kjem arbeidsløysa til å auke med 5.000 personar, viser prognosar frå Nav.

NPK-NTB/Framtida.no
NPK-NTB/Framtida.no

Det er flest industritilsette som mister jobben. Også innanfor reiseliv og transport går det trått, hovudsakleg på grunn av dei dårlege tidene utanfor Noregs grenser.

– Det er nok særleg i tradisjonell industri vi vil sjå at veksten stansar litt opp, og som kan få nokre utfordringar, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad i Nav til NRK.

Fellesforbundet aleine har 2.500 arbeidsledige medlemmer, og 800 er permittert i norsk industri.

Nav varslar likevel framleis oppgang i norsk økonomi, og Lystad meiner arbeidsløysa vil falle igjen i 2013.

Til neste år vil det bli nesten 40.000 fleire i jobb, medan 45.000 vil få jobb i 2013. Høg arbeidsinnvandring frå Aust-Europa fører til at veksten i talet på jobbar ikkje held takten med veksten i folketalet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE