Krev klimahandling i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev klima- handling i Noreg

Dette kjem fram i ei ny gallupundersøking for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Meldinga frå norsk ungdom er klar: Ungdom har stor tru på at klimaproblemet kan løysast, blant anna ved hjelp av ny teknologi og statlege tiltak for å redusera forbruk.

Men ungdomen har ikkje tenkt til å endre forbruk og livsstil sjølv – dei ser til politikarane for å finne desse løysingane. 70 prosent av norsk ungdom meiner Noreg òg må gjennomføre utsleppskutt heime – det held ikkje berre å betale for utsleppskutt i utlandet.

– Resultatet frå klimaforhandlingene i Durban er ikkje godt nok. Verda ligg no an til ei oppvarming på 4 grader. No må dei norske politikarane ta signala frå norsk ungdom på alvor, og sørgja for klimakutt på heimebane og meir pengar til klimavennleg teknologi. Omsynet til framtida til born, unge og framtidige generasjonar må koma først, seier Martin Østerdal, generalsekretær i LNU.

LES OGSÅ: Toppmøte under ein hardare himmel

– Konklusjonen min er at me treng meir ungdomsinvolvering i klimapolitikken. Det er vår framtid, og me har rett til å krevja ein meir ambisiøs klimapolitikk, skriv ungdomsdelegaten til LNU i Durban, Kari-Anne Isaksen i ei oppsummering av klimatoppmøtet.

Til Framtida.no seier ho det er viktigare enn nokon gong at Noreg tek ansvar på heimebane, så lenge klimaforhandlingane ikkje kom fram til ein internasjonal bindande avtale om store kutt.

Nokre nøkkeltal frå undersøkinga:
– Nesten 80 prosent av ungdomane meiner at menneskelege handlingar er ei viktig årsak til klimaendringane
– Nesten ingen av ungdomane meiner at klimaendringar ikkje eksisterer
– Dei yngste av ungdomane (15-18) år er mest uroa for at menneskelege handlingar fører til klimaendringar
– Ungdom meiner styresmaktene bør iverksetje tiltak som gjer at folk endrar forbruk i klimavennleg retning
– Ungdomar har stor tru på at eksisterande og ny teknologi kan løysa klimaproblema (49 % og 63 % meiner dette er viktigast)
– Undersøkinga viser at ungdom først og fremst ynskjer tiltak frå politikarane som satsing på ny teknologi for å stoppa klimaendringane
– Samstundes er berre ein liten del villig til sjølv å gå betydeleg ned i levestandard for å bekjempe klimaendringane

Dette viser resultata frå ei ny gallupundersøking om kunnskapane til ungdom om og haldningar til Nord/Sør-spørsmål, som Opinion har gjennomført blant norsk ungdom i alderen 15-24 år, på vegne av LNU. 607 ungdomar har delteke i undersøkinga.

Kva meiner du er det viktigaste for å få bukt med klimaendringane?