Nynorsk næringslivspris til Ægir bryggeri.

Ægir bryggeri er tildelt Nynorsk næringslivspris 2011 frå Noregs Mållag.

– Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2011 er ei sterk merkevare i ein ny og veksande marknad, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og leiar i juryen.

– Ægir bryggeri har ein god og gjennomført presentasjon av produktet, der innhald, namn og språk heng godt saman. Nynorsk er det naturlege valet på etikettar, vevside, fjesbok og anna kommunikasjon, seier Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

– Det var aldri noko alternativ, sa vertskapet Aud Melås og Evan Lewis då dei fekk prisen under ei markering på Håndverkeren i Oslo.

Ægir bryggeri starta i 2007, og på den korte tida har dei fått mange utmerkingar og prisar for produktet sitt. Det flytande handverksproduktet kan du i dag finne i butikkar og skjenkestadar over heile landet. I ei bryggerinæring prega av oppkjøp og sentralisering, er mikrobryggeri med lokal forankring og særpreg ei ny og alternativ nisje i vekst.

Bryggeriet med tilhøyrande skjenkestove ligg i Flåm i Aurland kommune, er kalla opp etter ølbryggaren til dei gamle norrøne gudane, og er drive av ein heimflytta sogning og ein utvandra amerikanar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

Kommentarar

ANNONSE