– Livsfarleg kvileskjer for klimaet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Livsfarleg kvileskjer

Klimatoppmøtet i Durban enda tidleg sundag morgon med semje om vidareføring av Kyoto-avtalen og oppstart av nye forhandlingar om ei ny, brei klimaavtale.

Natur og Ungdom meiner heilskapen i den såkalla Durban-pakka er ikkje nøgde med resultatet.

– Med eit frikort til utsleppsvekst i mange år framover, har dei rike industrilanda gjort eit utilgjeveleg svik mot oss som er unge i dag, og mot alle dei som allereie blir truga på livet av klimaendringane, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

– Livsfarleg
Den såkalla Durban-plattforma set i gang ein ny forhandlingsprosess, med mål om at ein ny, internasjonal klimaavtale skal vera forhandla fram seinast i 2015, og tre i kraft frå 2020.

Dette gjer at utslippsmåla fram til 2020, som er frivillig meldt inn frå fleire land, blir gjeldande.
FNs miljøprogram (UNEP) har rekna at desse løfta i aller beste fall tilsvarar halvparten av det som trengst for å unngå farlege klimaendringar. Andre utrekningar kan visa at desse løfta vil ha lite å seia for kampen mot klimaendringar.

– Denne avtalen stadfestar eit gigatonngap mellom dei utsleppskutta som trengst og dei som finn stad. Medan klimaendringane er meir dramatiske enn nokon gong, legg Durban-møtet opp til eit livsfarleg kvileskjer i klimakampen i mange år framover, seier Elvevold.

Skadeskote Kyoto-avtale
Kyoto-avtala blir vidareført med ein ny periode med forplikting frå 2013 til 2017 eller 2020. Samstundes blir tilslutninga til avtalen gjort frivillig.

– EU har freista å framstå som ein forkjempar for Kyoto-avtala og for ambisiøse klimamål. No sit vi tilbake med eit sterkt skadeskote Kyoto-avtale, og EU ber ein stor del av ansvaret for dette, seier NU-leiaren.

Natur og Ungdom meiner utfallet frå Durban legg auka press på dei einskilde industrilanda går føre med sterkare nasjonale klimamål og tiltak, både for å kunne ha truverde og for å kunne sikre dei naudsynte utsleppskutta.

– Det internasjonale taket på klimagassutslipp er i ferd med å rive. Då blir det endå viktigare at land som Noreg evnar å gjere betydelege utsleppskutt òg heime, i tråd med det klimaet krev av oss, avsluttar Elvevold.

Gledar seg over grønt fond
Bellona er litt meir positive. Dei er nøgde med etableringa av Det grøne klimafondet (GCF) som skal bidra med 100 milliardar dollar årleg frå seinest 2020. Pengane skal gå til å hjelpa u-land med klimatiltak.

– Det viktigaste på kort sikt er at det grøne fondet er vedtatt, seier Frederic Hauge i ei pressemelding.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) seier til NTB at resultatet av Durban-møtet er i overkant av det han hadde forventa. Han gler seg over at Kina og India seier seg villige til å vera med på ein juridiske bindane avtale.

Trur du at ein klarar å stoppa dei menneskeskapte klimaendringane? Kva meiner du må til?