Kan truga livet i fjorden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Konsentrasjonen av oksygen ligg så vidt over den kritiske grensa, seier professor Matthias Paetzel.

Han er ansvarleg for studiet «From Mountain to Fjord», og i år gjekk studentane laus på ei tøff oppgåve: Kvifor blir Sogndalsfjorden varmare? Kvifor melder fiskarar om mindre fisk enn før?

Måndag blir alt presentert på eit seminar, og resultata bør få kommune og miljøstyresmakter til å visa interesse. Prosjektet fann at sidan 1916 har botntemperaturen auka, samstundes som konsentrasjonen av oksygen har minka. No er nivået rett over to milligram oksygen per liter vatn.

Viktig terskel
– Fisk kan overleva, men under dette nivået er det kritisk, seier Sheona Innes, ein av studentane som har vore med.

Berre bakteriar eller spesielt tilpassa organismar kan overleva dersom oksygennivået droppar under denne terskelen på to milligram. Det betyr at det skal lite til før fjorden tippar over og blir oksygenfattig.

– Straks vil nokre peika på global oppvarming som årsaka. Men me peikar også på NAO-indeksen som ein del av forklaringa, seier Paetzel.

Den nordantlantiske oscillasjonen er komplisert, men vêrfenomenet er karakteri­sert som anten positiv eller negativ. Er indeksen negativ, får vår del av verda kalde og tørre vintrar, er den positiv blir det mildt og vått. Sidan slutten av førre hundreår er denne indeksen ifølgje Paetzel stort sett positiv, og den manglande nedkjølinga kan påverka temperaturen i havet og dermed i fjordane.

Dei store vêrsystema er det lite å gjera med, men lokale faktorar kan ha innverknad.

Kloakk
– Det kjem kloakk rett ut i fjorden, og det blir brukt oksygen i nedbrytinga av den organiske massen. Det kan senka oksygennivået ytterlegare, seier studenten Thies Bläse.

Kloakken i Sogndal har dette studiet sett søkjelyset på tidlegare. Funna dei har gjort no byggjer ytterlegare under at eit reinseanlegg er ein god idé.

– Me må halda fjorden så rein som mogleg og unngå å senda noko i den som kan gjera at oksygennivået minkar ytterlegare, seier Paetzel.

Prosjektet er på bachelornivå, men Paetzel fortel at datamaterialet er handsama på ein vitskapleg måte, med han sjølv og Torbjørn Dale involvert. Dei har også hatt tilgang til målingar frå tilbake til 1916, slik at endringar er vist over ein lang tidsperiode.

No håpar Paetzel at dei inviterte til seminaret møter opp og bidreg til ein nyttig diskusjon om framtida til fjorden.

Situasjonen i kommunen i dag er at det ikkje finst eit reinseanlegg. Rådmann Jostein Aanestad opplyser at kloakken blir silt, og resten blir sleppt ut på djupet.

– Me har eit overvakingsprogram som skal følgja med på utviklinga i fjorden, seier Aanestad.

Det skal i alle fall måla næringssalter.

Kommunen har sett av areal til eit reinseanlegg i kommuneplanen, plassert i Øyane. Men det er er førebels ikkje konkrete planar for bygging, men kommunen følgjer med på om overvakingsprogrammet viser tilfredsstillande kvalitet.

– Viss overvakingsprogrammet viser noko anna, så må det fremjast ei sak der ein tek stilling til ei investering, seier Aanestad.

Han er kjent med invitasjonen til seminaret og ser med interesse på det som kan koma fram der.

LES SAKA I SOGN AVIS!