Gulrota i pensum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Biblioteket i nabokommunen kom nemleg opp med eit oppdrag til dei unge medietalenta i haust om å lage ein reklamefilm for ordninga «Bok i butikk», som finst i fleire bygder i Vindafjord. Den vesle klassa vart delt i tre grupper og la ned iherdig innsats i kampen om æra.

Måndag fall den endelege dommen.

Fengande plastilin
Det var ikkje lett for bibliotekar Guri L. Ravatn og biblioteksjef Anny Heggebø å bestemme seg for kven som skulle kronast til vinnar. Alle dei tre filmane imponerte med ei god blanding humor og informasjon. Men ein av dei tre skilte seg ut.

— Filmen med plastilin var morosam, fengande og gjev oss eit ønskje om å sjå meir og vite meir. Den pirrar nysgjerrigheita og er akkurat det me ser etter, sa Ravatn då ho annonserte vinnarlaget til applaus frå klassa.

Nadine Wittek, Ingeborg Gussiås og Marit Kristine Steine gjekk fram og tok imot førstepremien; eit flisteppe med logoen til Vindafjord kommune. I tillegg er videoen deira publisert både på Youtube og Facebook-sida til Vindafjord bibliotek.

Mykje arbeid
For innsatsen vart heile klassa lønna med eit spann med smågodt, noko som vart tatt godt imot.

Vinnarlaget fortel at det har vore både kjekt og frustrerande å jobbe med prosjektet.

— Me starta med å lage eit tankekart og prøvde ut eit par idear som ikkje let seg gjennomføre. Så fekk me eit tips av læraren, og det fungerte mykje betre, seier Nadine.

Nokon pakkar plastilin har gått med. Og mange, mange bilete.

— Me har tatt mellom 500 og 600 bilete for å lage snutten, som berre varer 43 sekunder. Det var kjekt, men mykje arbeid, meiner Marit Kristine.

Givande
Konkurrent Kristin Milde synest prosjektet var givande.

— Eg likte at det ikkje berre er ei vanleg innlevering. Heile poenget med denne oppgåva var at den skulle brukast til noko spesielt, og då vart det enda kjekkare å jobbe med, seier ho og vil gjerne gjere fleire slike oppgåver.

Oppdrag som kjem røynda til gode, er likevel ikkje heilt nytt for medie-elevane. Den same gjengen skriv også om ting dei er opptekne av i ungdomsredaksjonen under vignetten «Ured» i Grannar.

Kontaktlærar Hanne Rosseland ser at denne kontakta mot røynda motiverer elevane.

— Oppgåva om å lage reklamefilm verkar som ein gulrot på dei. Dette passar godt saman med pensum, om film som verkemiddel og å nå spesielle målgrupper, samtidig som det gjev dei moglegheita til å jobba utanfor sjølve klasserommet, seier ho.

LES SAKA I GRANNAR!

Sjå vinnarfilmen under: