Forleggarar meiner kjedene bestemmer meir og meir. Ark-sjefen meiner det er opp til bokhandlane å ta inn og visa fram nynorske bøker.

mm

Måndag fortalde Framtida.no at fleire bokhandlar på Vestlandet er lite flinke til å visa fram nynorske bøker.

Anne Liv Tresselt, forlagssjef for Samlaget Litteratur, opplever at kjedene bestemmer meir og meir.

– Bokhandlane blir likare og likare, og det er mindre rom for regionalt særpreg, og det er jo ei kjedeleg utvikling, seier ho til Framtida.no.

I februar gjekk leiar i småforlagsutvalet til Forleggerforeningen, Håkon Kolmannsskog, ut med eit varsku mot kommersialiseringa og sentraliseringa av bokhandlarleddet.

– Når bokhandlane i større grad enn før behandla bøker som døgnfluger, blir det mykje tøffare å få eksponering. På den måten gir dei bøkene eit altfor kort liv, og gir nesten ikkje lesarane høve til å etterspørje anna enn ferskvare, sa han til Bok og Samfunn.

Samordnar kampanjar
Ark er blant kjedene som har blitt trekt fram som mest sentralstyrte.

John Tørres Thuv, administrerande direktør for Ark seier at bokhandlarane deira står fritt til å ta inn dei bøkene dei vil, men han vedgår at det er fleire som har tatt opp spørsmålet om sentralstyring.

– Me samordnar kampanjar sentralt. Men dei lokale bokhandlane står fritt til å ta inn dei bøkene dei vil lokalt, seier han, og held fram:

– Viss butikkane ikkje har mange lokale bøker, eller nynorskbøker, eller ikkje viser dei fram, då kan det vera fordi me ikkje er gode nok lokalt.

– Spesielt i jula er lokale bøker viktige. I enkelte bokhandlar er fem av dei ti mest selde bøkene lokale bøker.

Veit ikkje kvifor ikkje i juleblad
– I julebladet som de sentralt har gjeve ut er det ikkje éi nynorskbok som er vist fram, kvifor det?

– Det er eg usikker på kvifor. Tradisjonelt har me jobba veldig godt med nynorske bøker. Samstundes må eg seia at det aldri har vore eit tema om det skal vera nynorsk med eller ikkje.

– Hulda Garborg-biografien til Arnhild Skre vann Bragepris og Vaffelhjarte av Maria Parr går som tv-serie. Burde ikkje dette vera ekstra salsargument i eit slikt blad?

– Det har du rett i, men som sagt veit eg ikkje kvifor ingen nynorskbøker er teke med i bladet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

Kommentarar

ANNONSE