Timbuktu får Nordens språkpris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jason Diakité, betre kjent som artisten Timbuktu, har lenge begeistra tusenvis av menneske på tvers av dei nordiske grensene med rap-musikk på den svenske dialekten frå Skåne. No er han tildelt språkpris for den kontakten han har fått med publikum gjennom tekstar og musikk som interesserer og engasjerer eit breitt publikum.

Foreningen Norden deler ut Nordens språkpris «til ein person, institusjon, styresmakt, organisasjon, verksemd eller eldsjel som på ein innovativ og god måte er med på å styrkje den nordiske språkforståinga».

LES OGSÅ: Ville ikkje ha Siv Jensen backstage

Timbuktu er blitt svært populær i Noreg. I tekstane sine tek han ofte opp politiske eller samfunnsaktuelle spørsmål, og han hentar musikalsk inspirasjon frå folkemusikk, amerikansk blues og musikk frå Vest-Afrika og Jamaica. I Noreg slo han gjennom for alvor med albumet «Alla vill till himmelen men ingen vill dö» (2005). (©NPK)