...sett gjennom auga til ein spydig og sær suldøling.

Del 2

Eg synest bylivet er hardt. Eg saknar landet og det trygge bondelivet. Der det berre er kyra som slepp ut gass. Kvar vart fjella av? Sank dei ned i jorda? Kvar er den friske lufta? Teken av gassmonsteret til Statioil og Felleskjøpet? Kvar er alle dei snille menneska? Overteken av forbrukarsamfunnskanina som gnagar alle snille menneske som om dei var gulrøter? Eg saknar å ha naboar som eg faktisk kjenner – sjølv om dei til tider går deg hardt på nervene og du eigentleg berre vil slå dei i hovudet med ein tallerken frå Ikea.

Kanskje det er deilig ikkje å ha kontakt med naboane sine – å sleppa å smila viss du møter dei på heimvegen å sleppa å seia hallo og småsnakka litt. Men eg saknar det. No ser eg mest på skoa mine når eg går forbi folk på veg heim frå universitetet.  Eg saknar å ha eit forhold til lærarane mine. Eg saknar at dei kan namnet mitt. Dei foreleserane eg har no er gode foreleserar, men eg har ingen relasjon med dei anna enn lærar-elev relasjon. Dei spør ikkje korleis det går og kva eg gjorde i går. Eg trur heller ikkje at dei kjem til å hugsa meg når eg er ferdig. Ein er liksom så anonym..

Å gå på universitetet her i Stavanger er kjekt, men det er som å vera ein del av ei maurtue. Du kan møta ein person ein dag og du kan risikera å aldri sjå vedkomande igjen – uansett kor koseleg og imøtekomande denne personen var. Å gå i dei tronge gongane kan ofte føre til litt knuffing, småspringing og skotråkking. Og når du fyrst har funne auditoriet du skal ha forelesing i (som er som å gå rundt i ein labyrint) må du sitja på eit vondt sete, ha liten armplass og du må heller ikkje vera høgare enn 1,5 meter for då kan du få problem med å få plass til beina. Skostorleik 38 er også å foretrekkja.

Og det er ingen stikkontaktar i mange av dei auditoria eg har vore i. Lever me framleis i 2011 eller har me blitt uavhengige av straum til dei elektriske duppedittane våre? Å notera på papir vert for gammaldags for meg, og eg synest det er betre å notere på datamaskina mi. Men kva søren gjer eg når eg ikkje har meir batteri på dataen? Eg aktar ikkje å kjøpa ein ny datamaskin berre fordi batteriet mitt ikkje er like godt som det ein gong var. Eller er det det UiS ynskjer? Har dei ein skjult agenda bak stikkontaktmangelen?

Over til kollektivtrafikk – det kunne eg sikkert skrive ei heil bok om. Kollektiv er noko som skal vera positivt. Og enkelt. Og vera ein supermann for miljøet. Men det er ikkje alltid ei like positiv oppleving. Spesielt ikkje når bussen er like stappa som sild i tønne – det er ikkje fullt før det renn over! Det er ikkje hyggjeleg å kjenne ei sterk eim av svettelukt frå fyren som held seg fast i håndtaket over deg. Og kvar gong vedkomande snur eller beveger seg, så får du svettesprut i auga.

Er intimgrensa i samfunnet vårt viska ut, sidan andre mennesker som driv å sutlar med diverse kroppsvesker sprutar på deg? Dette er ikkje ei hyggjeleg oppleving når klokka er sju – du har ikkje fått kaffikoppen din enno og du har teposar inni augo og du framleis luktar svevn.

Og kvar kjem alle bussjåførane frå? Er det ein bussjåfør-fabrikk i utkanten av Stavanger? Blir dei klekt ut av burhøns? Kjem dei på samlebånd og vert pakka i pappesker? Vert dei importerte i frå diverse u-land? Det kan vera – eg veit ikkje kvar dei kjem i frå. Men dei er i alle fall flinke til å skru opp varmen på bussen – spesielt når bussen er så full at du så vidt får foten innforbi døra.

Det stinkar svette, parfyme og andre ubehagelege luktar. Kven sa at bussturar skal vera behagelege? Men ja, berre oppmod oss til å eta kø, Kolumbus! Snart hiv eg meg over bussjårføren og et han, viss ikkje kollektivtilbodet kan bli meir behageleg. Spesielt får eg lyst til å personleg skjella ut bussjåføren når han lukkar døra bak meg, slik at skulesekken min heng fast i døra. Takk for den, Kolumbus! Eg føler meg som ein veldig høgt respektert kunde og veldig sett pris på.

Og det siste eg vil seia om mine opplevingar i byen er dette: Alle bur som om me var burhøns. Me kan stå på vår eigen balkong og pissa på soveromsvindauget til naboen utan problem. Du treng ikkje å ha eit eige abonnoment på lokalavisa, for du kan berre rappe naboen si (så lenge du veit at ingen ser deg). Du bør også gå til innkjøp av heilt svarte gardiner eller rullegardiner, med mindre du har lyst til å vise korleis du ser ut i eit handklede for heile nabolaget (og viss du er heldig – for alle som tek rutebussen som går forbi deg).

Dette er greie tips til deg som er student – du treng ikkje betale for di eiga avis, du treng heller ikkje kjøpa dopapir. Treng du mat, kan du rota i alle posane og begera som kjem frå McDonalds (det er tydelegvis der all søppela i Stavanger kjem frå). Eller snylta på vener som du veit kjem frå rike, velståande familiar. Eller bare snylta på folk generelt. Heilt til dei er leie av deg og du må skaffe deg nye vener.

Studentlivet synest eg er hardt. Alle seier at det skal vera så kjekt. Så lenge du likar å drikka øl og diskutera Descartes dag ut og dag inn. Den samtalen der vart eg lei av allereie fyrste dagen av fadderveka. Bylivet er ikkje like glamorøst som alle skal ha det til. På NRK Rogaland kom det nettopp ein fin Suldalsreklame; «Me likar oss jo så godt for oss sjølve, me suldølar er ikkje så vane med folk». Eg trur dette stemmer, for eg vil helst unngå alt stresset som vekst som ei cyste i det norske samfunnet. Anten så er det fordi eg er suldøl, eller er det fordi eg er over gjennomsnittet sær som sit inne på det mørke rommet mitt og høyrer på black metal, teiknar og drikk øl med rotta mi Ozzy på skuldera. Eg trur me satsar på det siste.

Oppdatert: laurdag 27. januar 2018 17.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE