– Fjernsyn er dødt innan fem år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjernsynet går same lagnaden i møte som fasttelefonen, som ikkje lenger er sjølvsagt i hus og heim.

Analysen byggjer mellom anna på tal frå USA som viser at unge og nyetablerte ikkje lenger er villige til å betale for kabel-tv. I år har berre 17 prosent av i alt 1,8 millionar nyetablerte hushald i USA teikna abonnement på tv, noko som utgjer omlag 200.000 færre for 2012 enn tidlegare.

Samstundes er folk villige til å betale for internett til dei same leverandørane dei nekter å betale for fjernsynsabonnement til.

– Unge i dag veks opp i ein internettbasert videokultur der «Kvifor betale for TV» og «kabel-tv er svindel» er slagord som blir utvikla. Når desse blir eldre vil ein del av desse betale for erstatningar for kabel-tv for å tilfredsstille sine behov for videoprodukt, noko som potensielt kan skade morgondagens inntekter frå kabel-tv. Det er uklart kor stort problemet vil bli, men det er klart at det er ein av dei aller største utfordringane for kabel-tv dei næraste åra, seier Stefan Anninger i Credit Suisse til Adage.com.

Korleis trur du tv-kvardagen blir om fem år?