– Skuffande landbruksmelding

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Småbrukarvonbrot og bondetvil

Norsk landbruk skal veksa, og Noreg skal sikra at det er nok mat. Det er noko av bodskapen i landbruks- og matmeldinga til regjeringa som blei lagt fram for Stortinget fredag.

– Det er første gongen det blir lagt fram ei melding for Stortinget som tek for seg heile fag- og politikkområdet vårt. Det er ei omfattande melding som vil leggja føringar for heile verdikjeda i mange år framover, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).

Småbrukararane skuffa
– Den klaraste konsekvensen av denne landbruksmeldinga er at dagens landbrukspolitikk blir vidareført. Ein gjennomsnittleg jordbruksavtale inneheld fleire endringsforslag enn denne stortingsmeldinga, seier Merete Furuberg, leiar i Småbrukarlaget.

Hovudkravet hennar til meldinga har vore auka norsk matproduksjon på norske ressursar over heile landet. Ho har også kravd at meldinga må innehalda forpliktande formuleringar om korleis norsk landbruk skal utviklast.

– Dessverre må vi konstatera at ingen av hovudkrava våre blei innfridd, seier ho.

LES OGSÅ: Færre og færre bønder

I meldinga heiter det at regjeringa skal leggja til rette for at matproduksjonen aukar i takt med etterspurnad og aukande folketal. Regjeringa strekar også under verdien av å bruka gras- og beiteressursar til matproduksjon. Dette er vel og bra, meiner Furuberg, men ho blir skeptisk når ho ser på side 96 i meldinga.

Der heiter det at «grovfôrproduksjonen ekstensiveres og husdyrproduksjonen intensiveres med økt bruk av kraftfôr, noe som innebærer at husdyrproduksjonen kan økes på dagens arealgrunnlag».

– Dette inneber ikkje ei reell styrking av sjølvforsyninga, seier Furuberg. Ho tolkar regjeringa dit at dei legg opp til fôrproduksjon i utlandet. (©NPK)

Bondelaget: – Gode intensjonar er ikkje nok
Norges Bondelag set pris på at regjeringa ønskjer å auka den norske matproduksjonen, men leiar Nils T. Bjørke lurer på korleis dei raudgrøne vil nå målet.

– Veikskapen med meldinga er at ambisjonane til regjeringa ikkje blir følgt opp med nok tiltak, seier bondelagsleiar Nils T. Bjørke og etterlyser eit taktskifte i norsk landbruk. Han peikar på at det vil vera ein million fleire munnar å metta i Noreg i 2030 og at matproduksjonen må aukast med 20 prosent i same periode for å halda tritt.

LES OGSÅ: Nytt nettverk vil fornyda landbruket

Bjørke er samd med regjeringa i at ei god inntekt er viktig for å sikra rekrutteringa til landbruket. Han er derimot ikkje einig i at bøndene kan klara seg med same lønsutvikling som samfunnet elles.

– Vi hadde venta ei sterkare føring om inntektsløft. Det må vera slik at ein dyktig bonde har høve til å ha ei konkurransedyktig inntekt.

I tillegg etterlyser Bjørke eit strengare vern for landbruksjord for å sikra at det er areal å produsera på også i åra som kjem. (©NPK)

Kva meiner du må til for å auka matproduksjonen i Noreg?