Tyskland vil ha meir union

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er i byrjinga av skapinga av ein finanspolitisk union.

Einkvar som hadde sagt for nokre månader sidan at vi mot slutten av 2011 ville ta alvorlege og konkrete steg mot ein europeisk stabilitetsunion, ein finanspolitisk union, mot å introdusere budsjettdisiplinære tiltak i Europa ville ha vore sett på som sinnsjuke.

No er desse på vår agenda, vi er i startgropa for dette, det er framleis vanskelege hinder på vegen men gjennomføringa av desse tiltaka er sett på som naudsynte av dei fleste, sa Angela Merkel til den tyske Forbundsdagen i dag.

Ho hevda vidare at det ikkje var noko reelt alternativ til ei slik utvikling, og at den europeiske sentralbanken ECB ikkje kan gripe inn for å hjelpe enkeltland, sidan dette ikkje var i mandatet som EU har gjeve denne og difor krev traktatsendringar for å vere aktuelt. Mandatet er klart og eintydig, ECB skal kun stabilisere verdien til valutaen. Kjappe løysingar som utsteding av euroobligasjonar, som alle eurolanda utanom Tyskland er for,  er utenkeleg utan ein finansunion, gjorde ho klart.

Mario Draghi, leiaren for ECB, hinta i går til Europaparlamentet at ECB kunne gjere mykje for å hjelpe eurolanda med krisa om dei fekk i stand ein finansunion som fornya mandatet deira.

Ingen euroland vil gå konkurs
Nicholas Sarkozy hevda i går at han jobba med Merkel om ein redningsplan, at ingen euroland ville gå konkurs, og «for skatteparadis og løna til dei som handlar med valuta vil ingenting verte som før».

Han hevda vidare at den franske gjelda, som i mange andre euroland, ville verte uhandterbar om euroen skulle kollapse, og føre til ei langt verre krise.

Kjelder: The Guardian, EU Observer.

Kva er framtida for euroen? Diskuter gjerne i kommentarfeltet under!