Difor droppar vi tannlegen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre seks av ti studentar har vitja tannlegen det siste året, viser ei fersk undersøking gjort av Sentio for Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).

– At såpass mange ikkje dreg til tannlegen tyder at studentar sine tannhelse står i fare for å bli dårlegare, seier klinikksjef Tom Asbjørn Barkvoll ved Klinikk for allmenn odontologi ved Universitetet i Oslo.

– Dersom ein har eit dårleg kosthald og dårleg hygiene, kan det fort gå gale. Unge menneske kan utvikle veldig mange tannproblem på kort tid, seier Barkvoll.

Ikkje overraska
Avdelingstannlegen er ikkje overraska over at mange studentar droppar tannlegebesøket, og forklarar at han stadig møter pasientar som kjem til klinikken med store problem med tannhelsa.

– Dette er unge menneske som etter vidaregåande plutseleg finnar ut at dei må betale for tannlegen. Då finn dei ofte ut at dei heller vil vente nokre år, seier Barkvoll, og understrekar at det ikkje er helsefarleg å halde seg unna tannlegen.

– Dersom studentar har intakt helse og god munnhygiene, har det lite å seia om ein ikkje vitjar tannlegen på nokre år, seier Barkvoll.

Heller ikkje Magnus Nystrand, leiar av Velferdstinget i Oslo og Akershus (VT), er forbausa over at studentar ikkje spring ned døra til tannlegen.

– Eg brukte sjølv seks år på å kome meg til tannlegen, så eg syst ikkje talet er særleg overraskande, seier Nystrand.

Meir pengar til tannhelse
VT gjekk i førre veke inn for å heve semesteravgifta for studentar i Oslo og Akershus nettopp for, blant anna, å kunne tilby eit billegare tannhelsetilbod.

– Tannhelse er veldig dyrt, og mykje mindre tilgjengeleg for studentar enn andre helsetenester som er gratis. Fattige studentar tenkjer difor lett at denne utgifta kan prioriterast bort, meiner Nystrand.

– Kor mykje billegare vil tannlegen bli dersom de aukar semesteravgifta?

– Vi må vente på ugreiinga før vi kan gje eksakte tal, men målet må vere at tilbodet skal bli vesentleg billegare, seier Nystrand.

Nystrand påpeikar at etter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) byrja å tilby tannbehandling til studentvennlege prisar, har SiO pressa andre tannlegesenter til òg å tilby studentprisar.

– Likevel er det framleis altfor dyrt å gå til tannlegen. Det merkte eg sist eg var der, seier Nystrand, som måtte ut med nesten 3000 kroner då han endeleg bestemde seg for å ta turen til tannlegekontoret.

– Større offentleg ansvar
– Det offentlege må ta større ansvar for studentane sine tannhelsetilbod. Vi ser no konsekvensane av at det ikkje eksisterer eit billeg nok tilbod, seier Kim Kantardjiev, leiar i NSO.

Kantardjiev påpeikar at studentar er ei gruppe som i utgangspunktet har lite pengar. Difor er det grunn til å rekna med at flesteparten nedprioriterer tannbehandling.

– Kvifor skal skattepenger brukast på at studentar ikkje greier å stelle tennene sine?

– Politikarane har ikkje gjort det mogleg for studentar å betale for tannbehandling. Vi må leggje til grunn at studentar har ekstremt dårleg råd, og difor ikkje har råd til behandling, seier Kantardjiev.

NSO meiner at tannbehandling for studentar må vere ein del av den offentlege helsetenesta, slik at tannlegetenester for studentar får ein eigendel på lik linje med andre helsetenester i Noreg.

– Tannlege har jo «alltid» vore dyrt. Kva må til for å endre på det?

– Sidan tannhelse ikkje kom med då ein bygde opp helsesystemet, er det no så kostbart at politikarane ikkje ynskjer å inkorporere det i helsetenesta. Det er trong for politisk vilje for å kunne gjennomføre, men per dags dato er vi diverre ganske langt unna å få det til, seier Kantardjiev.

LES SAKA I UNIVERSITAS!