Ein skikkelig vanlig dag på jobben

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Ein vanlig dag

Eg har fått tilgang til (eller knabba, for å seie det som det er) dagboka til ein gjennomsnittlig stortingspolitikar frå FrP. Her er ein heilt vanlig dag:

«Dagen begynte greitt. Ingen nye saker om oss i avisene eller i radionyheitene. Berre veldig mange politiske kommentatorar som sa at sjølv om det ikkje er nokon nye saker om FrP enno, så kjem det sikkert noko i løpet av dagen, for alt ser ut til å gå gale for dette partiet no. Om ikkje ein av av stortingsrepresentantane seier noko dumt før lunsj, så dukkar det sikkert opp ein parti-seminar-relatert skandale frå distrikta. Den politiske kommentatoren lo litt då han sa dette. Fornøgd med seg sjølv. Sånn forventningsfull innoverlatter.

Eg kjende at eg blei litt irritert, men bestemte meg for å ikkje la dette øydelegge dagen. Eg skrudde av radioen og gjekk mot kontoret.

På vegen til kontoret snubla eg i ein fortauskant og datt. Eg reiste meg lynkjapt og såg meg rundt for å sjekke om nokon politiske kommentatorar fekk det med seg. Ingen å sjå, heldigvis.

På jobben stod masse journalistar og venta. Eg høyrde bitar av det dei sa:
«…eit spørsmål om tid før den neste tabben…»
«…kan det bli verre?»
Eg blei irritert.

Ein av journalistane stod framfor portrettet av Carl I. Hagen og rapporterte direkte. Ho hadde ein vase i handa, smilte innøvd og sa: «Så mykje har gått gale i FrP i det siste, at om det kom ein FrP-politikar inn hit no, så ville ingen bli forundra om vedkommande klarte å knuse denne vasen.» Så lo journalisten litt. Fornøgd med seg sjølv. Sånn forventningsfull innoverlatter.

Eg klarte ikkje å halde meg meir. Eg tok vasen og kasta han mot reporteren. Reporteren dukka. Vasen trefte portrettet av Carl I. Hagen og knuste.

Alle flokka seg rundt meg og spurde om eg syntest det var greitt å kaste vasar på folk.

Eg visste kva eg måtte gjere no. Dette har vi hatt om på kurs.

«Unnskyld,» sa eg. «Eg legg meg flat.»

Så var det ein som spurde om ikkje vase-saka berre er nok ei stadfesting av at FrP-arar blir heilt rabiate viss dei får det minste kritikk.

Eg blei heilt rabiat. Eg kalte journalistane for irriterande idiotar, og la til: «Og kva betyr ‘stadfesting’?»

Journalistane forlangde at eg skulle be om unnskyldning igjen. Og fleire av dei ringde Noregs Mållag for å fortelje at sentrale FrP-politikarar ikkje veit kva ei stadfesting er.

Eg bad om unnskyldning. Eg la meg flat.

Så spurde dei om det ikkje blir hult å berre be om unnskyldning heile tida.

Eg innsåg at eg måtte komme meg derfrå før eg begynte å snakke igjen. Eg sprang til kontoret og låste døra bak meg.

Der satt Carl I Hagen. På golvet. Tårene rann. «Kvifor?» skreik han. «Kvifor gjer du dette mot meg? Eg har laga dette partiet for sånne som deg. Og kva er takka? Eit usselt portrett, der eg av ein eller annan grunn er framstilt som ein pompøs mann. Og dette portrettet, som er alt eg har att etter at eg bygde landet åleine, det kastar du ein vase på. Skam deg! Og eg har støtte i partiet. Berre spør Eli.»

Eg drista meg ut og gjekk mot kantina. Ein gjeng journalistar følgde etter meg.

Fleire ville snakke om Hagen. Ein sa at Noregs Mållag var rasande. Ein kunne fortelje om ein ny parti-seminar-relatert skandale frå disktrika. Ein spurde om eg hadde eit drikkeproblem sidan eg snubla i ein fortauskant på veg til kontoret i dag tidlig. Og ein spurde om eg skulle til kantina.

Dette siste var eit uventa hyggelig spørsmål, så eg svarte bekreftande. Eller stadfestande, som det tydeligvis heiter på nynorsk.

«Skal du knuse noko i kantina?» spurde så journalisten.

«Sjølvsagt ikkje!»

«Sikker?»

«Ja.»

«Er du feig?»

«Feig?»

«Eg skal vedde på at du ikkje vågar å knuse noko i kantina.»

Så gjekk eg rett til kantina og knuste femti tallerknar.

Så viste det seg at dette også var feil. Så bad eg om unnskyldning og la meg flat. Så gjekk eg fort derfrå før eg rakk å seie noko meir.

Så møtte eg Eli Hagen som spurde om eg var fornøgd no som mannen hennar låg og grein på kontoret mitt. Så sa ein av journalistane: «Eg veddar på at du ikkje vågar å lugge Eli Hagen.» Så lugga eg Eli Hagen. Så bad eg om unnskyldning. Så gjekk eg raskt vidare retning stortingssalen.

Snart skal eg på talarstolen. Der kan eg ikkje klare å gjere noko feil.

Først på trykk i Aftenposten 26. november.