Frp stuper på ny måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er det svakaste resultatet for partiet sidan 2008 på målingane til InFact. Ap får 34,9 prosent og Høgre 30,5 prosent.

Framstegspartiet fell 1,7 prosentpoeng samanlikna med oktober. Målinga er gjort mellom 17. og 23. november, altså delvis etter den siste tida med tre tunge saker for partiet. Frp-leiar Siv Jensen omtalar målinga på 11,9 prosent som «ein naturleg korreksjon etter ein del støy i den seinare tid».

– Saker kjem, saker går. Det er gode tider, og det er dårlege tider. Slik er politikken. No håpar eg vi får arbeida med det vi skal, seier Jensen.

Carl I. Hagen ønskjer ikkje å kommentera målinga til VG. Arbeidarpartiet snusar på 35-talet på målinga. Partiet går fram 1,5 prosentpoeng til 34,9.

Høgre vippar over 30-talet og får 30,5 prosent, fram 1,6. Senterpartiet går fram 1,3 til 5,1 prosent, medan Sosialistisk Venstreparti framleis slit på 4,2 prosent, ned 0,4. Kristeleg Folkeparti og Venstre får begge 5,2 prosent, fram 0,3 og tilbake 0,9.

Viss denne målinga var stortingsval ville dei tre regjeringspartia mist stortingsfleirtalet med 81 mandat, seks færre enn dei har i dag (©NPK)